Påskeopprøret i 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Påskeopprøret i 1960 var eit politisk opprør i Karasjok, som ein reaksjon på ein rapport frå den statlege komitéen «Komité til å utrede samespørsmål»[1]. I rapporten vart det gjort framlegg om å reversera den strenge fornorskningpolitikken som vart innført på slutten av 1800-talet. Komitéen kom mellom anna med framlegg om at samkiske ungar skulle få lov til å tala samisk i skulen og at det skulle leggast til rette for å ta vare på samisk språk og kultur. Det vart vidare gjort framlegg om at eit område av indre Finmark som femna om at kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Tana, Polmak og Kistrand skulle verta definert som et samisk kjerneområde[1].

Opprøret tok eigentleg til i 1959, då rapporten vart publisert, men spissa seg til på eit møte på samfunnshuset i Karasjok i påska i 1960. Ein innflyttar frå Hammerfest, Hans Rønbeck, som var leiar for Arbeidarpartiet og ordførar i Karasjokk, var sterk tilhengar av den statlege fornorskningspolitikken og argumenterte sterkt mot framlegga til komitéen. Han fekk med seg både norsk- og samisktalande, slik at bygda vart splitta i synet på tilråingane frå komitéen[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Aslaksen, E.A., Nystad, M.E. og Torpe, T., Sjokkbølgen fra Karasjok som nådde Sør-Afrika], nrk.no, 17/4-2019.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.