Påskevake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signing av lys under påskevaka i cisterciensarklosteret Heiligenkreuz i Austerrike.

Påskevaka eller påskevigilia er ei gudsteneste som mange kyrkjesamfunn feirar på kvelden påskeaftan. Ho vert feira etter solnedgang, når påskedagen har begynt ifølge tradisjonell kyrkjeleg tidsrekning, som den første feiringa av Kristi oppstode. Messa vert òg kalla påskenattsmesse.

I oldkyrkja heldt dei dåp denne dagen. Seinare vart det vanleg å døype også andre dagar, men i kyrkja har gjerne dåp, spesielt vaksendåp, under påskevaka. Dåpsvatn blir vanlegvis velsigna under gudstenesta. Ein annan viktig tradisjon er tenninga av påskelyset.

Katolsk liturgi[endre | endre wikiteksten]

I katolsk terminologi er vigilia ei gudsteneste dagen, kvelden eller natta før ein kyrkjeleg festdag. Den katolske liturgien for påskevigilia inneheld:

  • Tenning av påskelyset; det tente lyset vert bore inn i prosesjon
  • Påskelovsongen
  • Ei utvida tekstlesing, med minst fem og inntil ni lesingar
  • Velsigning av dåpsvatn, eventuell dåp og fornying av dåpsløfte
  • Nattverd

Under påskevigilia ringer kyrkjeklokkene, saman med små handklokker inne i kyrkja, for første gong sidan skjærtorsdagen, medan kyrkjelyden syng «Ære vere Gud i det høgste».

Eit anna spesielt element er «det store Halleluja». Under fastetida brukar dei ikkje dette gledesropet i gudstenestene, og nå vert det tatt i bruk att, gjerne under spesielt høgtidelege former.