Péninsule Jeanne d'Arc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Péninsule Jeanne d'Arc
halvøy
Halvøya inneheld ein viktig hekkekoloni for svartbrynalbatross
Land  Frankrike
Stad Kerguelen
 - koordinatar 49°41′S 70°00′E / 49.683°S 70.000°E / -49.683; 70.000
Kart
Péninsule Jeanne d'Arc
49°41′00″S 70°00′00″E / 49.6833°S 70°E / -49.6833; 70
Topografisk kart over Kerguelen som syner halvøya i søraust (nedre til høgre)
Topografisk kart over Kerguelen som syner halvøya i søraust (nedre til høgre)
Topografisk kart over Kerguelen som syner halvøya i søraust (nedre til høgre)

Péninsule Jeanne d'Arc, òg kalla Presqu'île Jeanne d'Arc (Jeanne d'Arc-halvøya) er ei halvøy på Grande Terre, hovudøya i den subantarktiske øygruppa Kerguelen i det sørlege Indiahavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Halvøya dekkjer det søraustlege hjørnet av Grande Terre, som er knytt via den 350 meter breie Haulage des Swains i nordvest til resten av øya. Ho er kring 38 km lang frå vest til aust og 12 km brei. Ved Port Jeanne d'Arc ligg ein nedlagd, norsk kvalfangststasjon ved vestenden av nordkysten som i dag er verna.[1]

Viktig fugleområde[endre | endre wikiteksten]

Sørkysten av halvøya har status som eit 120 km2 stort viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International på grunn av dei mange hekkande sjøfuglar. Det består hovudsakleg av klipper som stig bratt frå kysten til ei høgd på over 800 moh i aust. Utanom Canyon des Sourcils Noirs ved austenden av halvøya, som ofte vert vitja av forskarar som observerer svartbrynalbatrossar, er det sjeldan menneske her.[2]

Mindt 21 hekkande fugleartar er observerte og mellom anna finst her 3000 par klippehopparpingvinar, 2500 par bøylepingvinar og 130 000 par gulltoppingvin. Den einaste bestanden av sotalbatrossar på Kerguelen finst berre ved Canyon des Sourcils Noirs, i lag med 1300 par svartbrynalbatrossa. Andre hekkande fuglar er nordkjempepetrellar, kerguelenterner gråalbatrossar, kvithakepetrellar og kerguelenskarv.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. O’Rourke, Kevin (updated 2008-02-29). «Port Jeanne d'Arc». Journeys. caboose.org.uk. Henta 6. januar 2013. 
  2. 2,0 2,1 BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Southern coast of Péninsule Jeanne d'Arc. Downloaded frå http://www.birdlife.org on 201201-18.