Péninsule Loranchet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 48°42′S 69°00′E
Péninsule Loranchet
halvøy
Kerguelen topographic map-fr.svg
Topografisk kart over Kerguelen med halvøya til nordvest
Land Flag of France.svg Frankrike
Stad Kerguelen
 - koordinatar 48°42′S 69°00′E

Péninsule Loranchet
48°42′ S 69°0′ E

Péninsule Loranchet, òg kalla Presqu'île Loranchet eller Loranchethalvøya er ei halvøy på Grande Terre, hovudøya i den subantarktisk øygruppa Kerguelen i det sørlege Indiahavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Halvøya dekkjer det nord-vestlege hjørnet av Grande Terre og er kalla opp etter Jean Loranchet, førstestyrmann på Raymond Rallier du Baty under den andre kartlegginsekspedisjonen til Kerguelen i 1913. Ho har eit kupert, fjellrikt indre med høgder over 500 moh og ei kystlinje med bratte klipper og fleire fjordar. Ho er kring 50 km lang med ei breidde på 20 km. Som det meste av Grande Terre finst her fleire innførte artar som kattar, rotter og kaninar. Halvøya vert sjeldan vitja av menneske.[1]

Viktig fugleområde[endre | endre wikiteksten]

Nordenden av halvøya og den nordlegaste delen av Grande Terre, som strekkjer seg nordover frå botnen av Baie de la Dauphine, har status som viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International på grunn av hekkande sjøfuglar. Her finst minst 23 fugleartar, mellom anna 250 000 par gulltoppingvinar ytst på halvøya, 5 400 par klippehopparpingvinar og ein liten koloni på 400 par svartbrynalbatrossar. Flekkpetrellar og kerguelenskarv hekkar i klippene. Andre fuglar her er gråalbatrossar, kerguelenterner og kerguelenand. Antarktisk pelssel og sørleg elefantsel ynglar her.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Northern part of Péninsule Loranchet. Downloaded frå http://www.birdlife.org on 6. januar 2013.