Pölsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pölsa med sylta raudbeter og speglegg.

Pölsa, tidlegare òg kalla lungmos, er ein svensk matrett som består av mole eller finhakka koka kjøt, innmat av noko slag (t.d. lever og hjarta), løk, byggryn og krydder som pepar og merian. Alt dette blir koka saman i krafta frå kjøtkokinga og servert med poteter og sylta raudbeter — og nokre stader òg med steikt egg.

Ferdiglaga pölsa i glas eller tube finst i sal som «norrländsk pölsa».

Andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

I Skåne, som fram til 1600-talet var ein del av Danmark, blir ordet «pölsa» gjerne bruka i tydinga pølse.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]