Pýlos
| Pýlos Lokalt namn Πύλος | |
|---|---|
Pýlosbukta | |
| Geografi | |
| Stad | Peloponnes |
| Koordinatar | 36°55′N 21°42′E / 36.917°N 21.700°E |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining Kommune | Peloponnes Messinía Pýlos-Néstoras |
| Hovudsete | Pýlos (2 222 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 4 559 (2021[1]) |
Pýlos (gresk Πύλος), historisk kjend under det italienske namnet Navarino, er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ei kommunaleining i kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes, der han er hovudsete.
Pýlos var før administrasjonsstad for den tidlegare provinsen Pylía. Nærliggande landsbyar er mellom andre Jálova, Eleófyto, Skhinólakka og Paleónero.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Pýlos 4 559 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 2 222 innbyggjarar.[1]
Pýlos er ein viktig arkeologisk stad på vestkysten av Peloponnes. Pýlos frå bronsealderen vart først graven ut av Carl Blegen i 1952. Denne staden ligg ved den moderne Áno Eglianós om lag 9 km nordaust for bukta. Blegen kalla restane etter eit stor mykensk palass der det såkalla «Nestorpalasset» etter den homerske herskaren Nestor, som styrte over «sandete Pýlos» i Iliaden. Pýlos vart fråflytta ei stund etter 700-talet fvt. og er stort sett ukjend i antikken.[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pylos» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.