P.W. Botha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
P.W. Botha
PW Botha 1962.jpg
Fødd12. januar 1916
Paul Roux
Død31. oktober 2006 (90 år)
Statsborgar avSør-Afrika
PartiNasjonalistpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of the Free State
Bethlehem Voortrekker High School
MorHendrina Christina de Wet
FarPieter Willem Botha
EktefelleAnna Elizabeth Botha

Pieter Willem Botha (12. januar 191631. oktober 2006), til vanleg omtala P.W. Botha, var statsleiar i Sør-Afrika frå 1978 til 1989. Han var statsminister frå 1978 til 1984 og frå 1984 til -89 den fyrste presidenten i landet med utøvande makt.

Botha vart vald inn i nasjonalforsamlinga i 1948, der han markerte seg som ein skarp motstandar av fleirtalsstyre. Han kom til makta etter omfattande demonstrasjonar mot apartheid-politikken. Enkelte små politiske reformer stagga det svarte folkefleirtalet lite, og Botha vidareførte eit hardstyre der regjeringa og andre statsmakter gjorde seg skuldige i vald mot menneskerettane. Etter eit slagtilfelle trekte Botha seg som leiar av Nasjonalistpartiet i februar 1989. Seks månader seinare vart han også tvinga til å forlate presidentstolen.

Ved 1992-valet gjekk Botha mot etterfylgjaren, president F.W. de Klerk, og dreiv valkamp for framhaldande apartheid-styre. Han fordømde De Klerk-regjeringa som uansvarleg ved å opne døra til fleirtalsstyre. I 1998 nekta Botha å vitne til Sannings-kommisjonen, noko han vart bøtelagd for og dømd til betinga fengsel for brot på menneskerettane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]