NRK P1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå P1)
Knut Borge med gjester. Frå innspelinga av radioprogrammet 20 spørsmål på P1 i Studio 19 hjå NRK, 3. februar 2005

NRK P1 er Noregs største radiokanal med kring 1,5 millionar lyttarar kvar dag. NRK fekk sin fyrste radiokanal i 1933. Den har hovudkontoret på Tyholt i Trondheim der dei fleste programma blir sende frå. Mellom unntaka er nyhendesendingane og det mest populære programmet på P1, Nitimen, som blir send frå Marienlyst i Oslo. Kanalen sender også distriktssendingar på kvardagar frå klokka 06.03 om morgonen til 12.00 om formiddagen.

Andre program:

  • «Norgesglasset»,
  • aktualitetsprogrammet «Her og Nå»
  • «Nattønsket»
  • Reiseradio
  • Lørdagsbarnetimen, verdas eldste eksisterande radioprogram
  • Ønskekonserten, som på 1950-talet var NRK sitt mest populære program.
  • Radiosporten

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]