PC-Avisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

PC-Avisa var det første elektroniske tidsskriftet i Noreg. Bladet kom ut med ti utgåver i 1993 og fem i 1994 og vart fritt distribuert på dei mange BBS-ane i Noreg, som nesten utan unnatak vart drivne friviljug av datainteressert ungdom.

Bladet vart utgjeve av Bærums-guten Øyvind Sæther som var 14 år da det kom ut med første nummeret, og vart utforma som ei sjølvutpakkande programfil som ein kunne lese ved hjelp av piltastane. Bladet synte i innhald klart tilhøyrigheita si til BBS-miljøet og inneheld mellom anna mange omtalar av PC-spel. Dei fleste utgåvene er bevart og finst framleis tilgjengeleg på nettet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]