Pa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For måleeininga med forkortinga Pa, sjå Pascal.
For grunnstoffet med forkortinga Pa, sjå, sjå protactinium.
Heilag stein ved paen Ruapekapeka.

Ein pa eller (uttala pah) var ein maorilandsby eller ei grend som var forskansa og bygd for forsvar. Dei vart sett på som sosiale senter for sin stamme og sosiopolitiske senter for alle iwiar. I eit maorisamfunn stod ein stor pa for mana til ein høvding eller rangatira. Nesten alle pa var bygde på trygge og grøderike område. Sjølv om dei var bygde for forsvar, gjorde dei i fremste rekkje teneste som bustadar.

Ein avgrensande faktor til desse maoriskansene var at mannskapa måtte forlata dei ofte for å dyrka jord, hausta avlingar eller sanka mat i naturen. Såleis kunne dei gjerne vera fråflytta i fire til seks månadar i året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pa