Paasselkä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paasselkä
innsjø
Område Södra Savolax i Finland
Innsjøtype Nedslagskrater
Koordinatar 62°09′N 29°25′E
Kart
Paasselkä
62°09′00″N 29°25′00″E / 62.15°N 29.416666666667°E / 62.15; 29.416666666667

Paasselkä (tidlegare Paasivesi) er ein oval innsjø i eit nedslagskrater i Södra Savolax i Finland. Innsjøen, som er ein del av Orivesi, som igjen er ein del av den store innsjøen Saimaa, har ingen øyar, noko som er uvanleg for innsjøar i området. Paasselkä er òg uvanleg djup, 75 meter på det djupaste.

Alderen på det mykje eroderte og 10 km breie nedslagskrateret er ukjend, men det må ha skjedd for mindre enn 1,885 milliardar år sida, sidan grunnfjellet vart danna på denne tida. På grunn av den uvanlege forma og dei magnetiske anomaliane ein har målt i området, mistenkte ein lenge at Paasselkä var blitt danna på grunn av eit nedslag, og dette vart stadfesta ved hjelp av boreprøvar i 1999. Dermed vart krateret det niande kjende krateret i Finland. I motsetnad til andre finske krater ser det ikkje ut til å ha vorte gravlagd under lag med sediment.

Lysfenomen[endre | endre wikiteksten]

Päässelän pirut, eller Paasselkä-djevlane, er eit lysfenomen ein hevdar stundom oppstår ved innsjøen og i myr- og skogområdet like i nærleiken. Ein har skildra lyset som ei kule som flyttar seg med forskjellig fart, eller står heilt i ro, og stundom er det fleire kuler. Fenomenet har vore kjend i lang tid, og er ein del av dei lokale segnene, som har gjeve det namnet «djevlar». Dei lokale innbyggjarane trudde dei lysande kulene var skapt av onde vesen. Dei magnetiske anomaliane i samband med nedslagskrateret kan kanskje vere noko av årsaka til fenomenet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]