Paavo Ravila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paavo Ravila i 1960.

Paavo Ravila (5. juli 190216. april 1974) var ein finsk fennougrist.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ravila tok studenteksamen i Åbo i 1921 og tok magistereksamen ved Universitetet i Åbo i 1927. Deretter flytta han til Helsingfors, og doktorerte i finsk språk i 1932. Etter å ha arbeidd som dosent i Helsingfors i to år, vart han professor i finsk og det finske språkets slektspråk ved Universitetet i Åbo (1932-[1949]]). Dei siste to åra var han også professor i fennougristikk i Uppsala. I perioden 1949 - 1956 var han professor i fennougristikk i Helsingfors, der han også var dekan (1951-52), vararektor (1952-53) og rektor (1953-56). Som rektor og administrator hadde Ravila innverknad på finsk universitetspolitikk, og han bidro m.a. at det vort oppretta eit professorat i generell lingvistikk ved Universitetet i Helsingfors i 1966[1]. Til skilnad frå dei fleste i både sin og neste generasjon av finske språkforskarar følgde Ravila med på dei nye teoriane innafor generativ grammatikk som kom frå USA frå og med 1960-talet. Han presenterte dei nye teoriane for eit finsk publikum[2], men var kritisk til dei.

Vitskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ravila første vitskaplege arbeid hadde dei mordvinske språka som tema, Ravila var også i Sovjetunionen i tre veker i 1929 for å samle inn materiale. Det viste seg å vere vanskeleg å arbeide i Sovjetunionen, så Ravila dro heller til Petsamo og Sør-Varanger og arbeidde med ulike sjøsamiske dialektar, resultatet av reisa til Sovjetunionen vart først publisert langt seinare, som Ravila 1959b. Doktoravhandlinga hans frå 1932, Das Quantitätssystem des seelappischen Dialektes von Mattivuono, var det mest sentrale resultatet av dette arbeidet, men han publiserte også tekstmateriale (Ravila 1931) og ulike spesialarbeid.

Artikkelen Die stellung des lappischen innerhalb der finnisch-ugrischen sprachfamilie frå 1935 er ein gjennomgang av mykje av litteraturen om temaet så langt. Det er også den siste artikkelen som blir publisert om emnet før Erkki Itkonen rehabiliterer Arvid Genetz sitt syn på samisk språkhistorie frå 1890-talet, til fordel for E. N. Setälä sitt syn. Sjølv om Ravila hadde studert nettopp finsk, samisk og mordvinsk, dei tre språka som utgjorde grunnlaget for Genetz sin analyse av samisk lydhistorie, heldt han altså fast på Setälä sin vokalteori. I artikkelen tok han oppgjer med både Vilhelm Thomsen og framfor alt P. Hunfalvy sin teori om at dei samiske språka skulle danne ei språkgruppe uavhengig av dei austersjøfinske språka, ja til og med (i følgje Hunfalvy) stå nærare i slekt med dei ob-ugriske språka.

Etter krigen konsentrerte Ravila seg om generelle og metodologiske spørsmål, og arbeidde lite med samiske språk. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia sitt nummer frå 1962 var eit festskrift til Ravila: Commentationes Fenno-Ugricae in honorem Paavo Ravila (SUST 125), med bidrag frå tidas sentrale fennougristar, m.a. om samisk (av Knut Bergsland, T. I. Itkonen, Terho Itkonen, Raja Jokinen (seinare Raija Bartens), Mikko Korhonen, Asbjørn Nesheim, Israel Ruong), og med ein bibliografi over Ravila sine vitskaplege publikasjonar, redigert av Raija Jokinen.


Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1931: Ruijanlappalaisia kielennäytteitä Petsamosta ja Etelä-Varangista. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia LXI. 1931. X + 215 s.
  • 1932a: Das Quantitätssystem des seelappischen Dialektes von Mattivuono. LXII. 1932. VI + 143 s. (Doktorgradsavhandling)
  • 1932b: Sananalkuisesta ja -loppuisesta konsonantismista Maattivuonon lappalaismurteessa. Suomalais-ugrilaisen seuran aikakauskirja 45.
  • 1934: Reste lappischen Volksglaubens. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia LXVIII. 1934. 162 p.
  • 1935: [http://urn.fi/URN:NBN:fi-fe2016112529975 Die stellung des lappischen innerhalb der finnisch-ugrischen sprachfamilie. Finnisch-Ugrische Forschungen 23
  • 1946: Johdatus kielihistoriaan. SKS.
  • 1959a: Kieli ja kommunikaatio, Societas scientiarum Fennica
  • 1959b: Ersämordwinisches Wörterverzeichnis aus Malyj Tolkaj. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 61.
  • 1966: Yleisen kielitieteen merkitys ja tehtävät. Suomalais-ugrilaisen seuran aikakauskirja 67.
  • 1967a: Die Philosophie der Transformationsgrammatik. Suomalais-ugrilaisen seuran aikakauskirja 68.
  • 1967b: Totuus ja metodi. Kielitieteellisiä esseitä, WSOY.


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hovdhaugen, Even 2000: The History of Linguistics in the Nordic Countries (with Fred Carlsson, Carol Henriksen, and Bengt Sigurd, 2000)
  • Kulonen, Ulla-Maija 2014: Ravila, Paavo. Saamelaiskulttuurin ensyklopedia.
  • Commentationes Fenno-Ugricae in honorem Paavo Ravila SUST 125
  1. Hovdhaugen 2000 s. 203
  2. Jf. Ravila 1966, 1967a, 1967b).