Pachacútec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pachacútec

Fødd ca. 1391
Cuzco
Død

ca. 1471 (80 år)
Cuzco

Yrke politikar, monark
Far Viracocha Inka
Pachacútec på Commons

Pachacútec Inka Yupanqui (quechua Pacha kutiq, den som velter om verda) (ca. 14001471) også kalla Pachakutiq og Pachakuti, var den siste inkaen i «Kongeriket Cuzco» og den første inkaen i Inkariket, (Tawantinsuyu). Han var også den første inkaen som ein med fullt sannsyn kan seie var ein historisk person. Han regjerte frå 1438 til han døydde i 1471.

Pachacútec var leiar under den første store ekspansjonen av kongeriket som førte til konstitueringa av Inkariket. Erobringane starta då eit rivaliserande samfunn først gjorde åtak. Pachacútec slo attende og starta ein æra med erobringar som skulle vise seg å samle store søramerikanske sivilisasjonar under eit felles riksstyre i løpet av tre generasjonar. Dette blei avskipinga av det gamle kongedømmet og skipinga av det nye Inkariket, som også vart kalla «landet med fire hjørne»

I året 1463 innsette han sonen sin, Túpac Yupanqui som leiar for hæren, og starta sjølv eit arbeid med å byggje om den politiske organisasjon av riket. Kvart lokalt samfunn i det nye riket fekk sin leiar som rapporterte til ein guvernør for provinsen. Då spanjolane kom, var det om lag 15 lokale leiarar i kvar provins. Det var 4 provinsar, kvar med sin guvernør. Vidare fekk Pachacútec i stand eit kommandosystem i hæren og i presteskapet, og eit system for å kontrollere maktbalanse.

Samstundes som Pachacútec reorganiserte, heldt Túpac fram med å vide ut territoriet åt Inkariket. Innan 1471, då Pachacútec døyde, hadde Túpac alt kome inn i dagens Ecuador.

Ein kan seie at Pachacútec gjorde sin litle landsby Cuzco om til eit imperium som kunne måle seg med Chimú som innan 1470 òg tok over makta i Chimúområdet. Men til tross for talentet sitt, både militært og politisk, så gjorde han ingenting med valsystemet for å velje den etterfølgjande inka. Túpac Inka blei truleg den neste inka utan nokon konkurranse, men i seinare generasjonar måtte etterfølgjande inka vinne stønad frå presteskap, militære og sivil administrasjon for anten å vinne ein borgarkrig eller å skremme vekk opponentar til trona.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]