Paddene i Austefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartskisse over «paddeland» ved Litlevatnet i Austefjorden i Volda kommune.
Utløpet av ein av paddetunnelane ved Kvivsvegen.
Foto: M.F. 2017
Amfibiekulvert ved Kvivsvegen.
Foto: M.F. 2017

Paddene i Austefjorden er ei stor gruppe padder ved Austefjorden i Volda kommuneSunnmøre. Litlevatnet i Austefjorden er ynglestaden for ein av dei største paddebestandane i Europa, estimert til 10 000-12 000 individ. På grunn av den nye Kvivsvegen[1] (ferdig 2012[Note 1]), var bestanden truga av sterk desimering.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Padde[2] (eller nordpadde) er den einaste arten i paddefamilien i Noreg. Dei lever ein stor del av livet på land, men òg i vatn. Gyteperioden er tidleg på våren, ei eller to veker etter at isen har gått i gytedammane. I Austefjorden overvintrar paddene i skogsområda ovanfor Litlevatnet og tidleg om våren legg dei ut på vandring, ned til sommarområdet ved vatnet. Dei flyttar på seg helst i skuminga og nokre av dei må gå ei strekning på om lag ein kilometer. Seinare på året vil dei returnere same vegen, attende til skogsområda.

Tidleg på 1980-talet byrja ein å planlegge Kvivsvegen, ein ny veg som skulle gå frå Volda, gjennom Austefjorden, til Hornindal. Vegtraseen kom til å bli lagt gjennom vandreområdet for paddene, og konsekvensen ville bli at over ein relativt kort periode kvar vår, måtte tusenvis av padder krysse denne vegen på si vandring til og frå Litlevatnet.

Paddeprosjektet[endre | endre wikiteksten]

To ihuga naturvernarar, Gunnar Wangen og Oddvar Olsen, innsåg at biltrafikken ville medføre ein uungåeleg paddemassakre på strekninga, og på slutten av 1980-åra tok dei opp arbeidet med å finne fram til løysingar for å unngå katastrofen og for å påverke Statens vegvesen til å ta omsyn til paddene når vegen skulle byggast. Etter kvart kom òg Naturvernforbundet med i prosjektet.

Det vart til sist funne fram til ei løysing på problemet, som medførte at det vart laga eit system med leideveggar (amfibiekulvertar) på vegsidene og sju 20 til 30 m lange «paddetunnelar» under vegbana. Anlegget, som truleg er det einaste av sitt slag i Noreg, vart ferdig bygt i 2012 med ein kostnad på over ein million kroner. Arbeidet vart utført av entreprenørfirmaet K A Aurstad AS, Ørsta. Det er plassert ved Fyrdsbergtunnelen, som endar ut ved Litlevatnet, midt i «paddeland», om lag 19 km frå Volda sentrum. I anleggsperioden leigde vegvesenet inn folk for å hjelpe paddene over vegtraseen, og det vart då frakta nesten 9500 padder i bøtter ned til vatnet.

Gunnar Wangen fortel at det er eit lite mysterium korleis paddene finn fram til vatnet, men dei navigerer på ulike måtar og truleg er luktesansen viktig, seier han. Paddevandringa kan inndelast i tre faser:

Gytemodne padder vandrar frå skogsområda og ned til Litlevatnet.
Seinare på sumaren vandrar dei attende, same vegen som dei kom.
Etter at ungpaddene er utvaksne, må dei, basert på medfødd instinkt, vandre på ukjende vegar opp til skogsområda.

Erfaringane med dei to første fasane har til no vore gode, og det ser ut til at tunnelane i stor grad verkar som planlagt. Det er framleis meir usikkert i kor stor grad ungpaddene finn den trygge vegen «heim», gjennom tunnelane.

Attraksjon[endre | endre wikiteksten]

Paddeprosjektet i Austefjorden er etter kvart blitt litt av ein attraksjon. Dette skuldast ikkje minst eit initiativ av dåverande banksjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Jon Arne Winsnes, som ordna med tildeling av midlar slik at fire underprosjekt kunne bli realisert:

  • Opparbeiding av ein rasteplass, i samarbeid med Vegvesenet.
  • Oppsetting av eit informasjonskilt ved området.
  • Kunstnaren Robert Steinnes sin «paddestatue»[3] (2,5 m høg og 4 tonn tung[4]), for å synleggjere staden.
  • Dokumentarfilmen «Kunsten å legge seg paddeflat», laga av den lokale filmskaparen og regissøren Arne Pilskog[5].

Ein eigen app om paddene i Austefjorden er utvikla i samarbeid med studentar ved Høgskulen i Volda.[6]

Turistar og andre interesserte stoggar gjerne opp ved staden, og statuen og paddetunnelane er blitt mykje brukte fotomotiv. Det blir òg arrangert paddevandringar for publikum som kan kome og sjå paddene med eigne augo.

Fakta om padde[endre | endre wikiteksten]

Norske namn: vanleg padde, nordpadde

Vitskapeleg namn: Bufo bufo
Høyrer til: springpadder, amfibier, virveldyr
Einaste art i paddefamilien i Noreg
Opp til 12 cm lang
Kan bli over 30 år gamal (oftast berre 6-7 år)
Dei er vekselvarme
Lever på land, men òg i vatn
Overvintrar på frostfrie stader, i holer, under steinar etc.
Gyteperiode: tidleg om våren
Ynglar i vatn og innsjøar
Går på land (metamorfoserer) frå midten av juli
Arten finst både i Europa, Asia og det nordlege Afrika

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ved opninga i 2012 gjekk Kvivsvegen inn som ein parsell av E39 (Kyststamvegen) og gav ferjefritt samband mellom Festøya i Møre og Romsdal og Lote i Sogn og Fjordane.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kvivsvegen Statens vegvesen
  2. NordpaddeStore norske leksikon
  3. Paddeskulpturen på plass Møre-Nytt 11.06.2014
  4. Megapadde Regionavisa 29.5.2013
  5. Premiere på paddefilmsmp.no
  6. Appen om «Paddeland» kan hentast frå hivolda.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]