Paddevegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paddevegen er ein over 150 år gammal grusveg i Sveio kommune. Vegen tar av frå riksveg 541 ved Mølstre Nordre og går til Fjellstad der han møter fylkesveg 6. Vegen blei bygt for å frakta gods som kom med dampskipa til Mølstrevåg, innover distriktet. Før Paddevegen kom var det stort sett berre tråkk og stigar ein kunne gå på i kommunen.

Området paddevegen ligg på har mange naturområde og stigar, blant anna ein stig som går til eit område i nærleiken av Hokla, nær Fjellstad. Denne delen av Sveio har mange mellomstore åsar og haugar; den største Kattabergsfjellet på 89 moh., nær Furuvatnet.