Paint Box

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Paintbox)
Hopp til navigering Hopp til søk
Paint Box
Singel av Pink Floyd
A-side «Apples and Oranges»
Utgjeve 18. november 1967
Innspelt Oktober 1967
Studio De Lane Lea Studios i London
Sjanger Psykedelisk pop[1][2]
Lengd 3:33
Selskap Columbia (EMI) (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Richard Wright
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi
«Flaming»
(1967)
Paint Box «It Would Be So Nice»
(1968)


«Paint Box» (eller «Paintbox» på seinare utgjevingar) er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd, skriven og sungen av klaverspelaren Richard Wright.[3][4] Han vart først gjeven ut i 1967 som B-side til singelen «Apples and Oranges».

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk har songen lange trommefills av Nick Mason og ein pianosolo av Wright, som panorerer kring stereospekteret. Wrigt spelar òg eit spikerpiano i tillegg til eit vanleg akustisk piano.

Songteksten byrjar med «Last night I had too much to drink / Sitting in a club with so many fools», og eit ambivalent refreng: «I open the door to an empty room / Then I forget».

Songen er ein av dei første av mange Pink Floyd-songar med mykje e-moll noneakkord.[5] Denne akkorden vart eit signaturaspekt ved nokre av dei meir kjende songane deira: Han opnar The Dark Side of the Moon med «Breathe».[6] Han er dominerande i «Welcome to the Machine» frå Wish You Were Here, der han vekslar mellom ein C-dur septimakkord i det meste av songen.[7] «Dogs» frå Animals er sentrert kring akkorden spelt på ein nedstemt gitar, som fører til ein kammertone i D-moll9.[8][9] Han dukkar igjen opp i «Hey You» og «Vera» frå The Wall.[10] Han er i ikkje mindre enn fire songar på The Final Cut: «Your Possible Pasts»; «The Hero's Return»; «The Gunner's Dream» og «The Fletcher Memorial Home».[11]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Paint Box» var opphavleg gjeven ut i mono på singelen. Ein steroemiks vart seinare gjeven ut på samleplatene Masters of Rock og Relics som «Paintbox», som òg var stavinga då monomiksen kom ut på tredje plata av 40-årsjubileumsutgåva av The Piper at the Gates of Dawn. «Paintbox» vart igjen gjeven ut på Cambridge St/ation- og Cre/ation-platene i plateboksen Early Years i 2016-2017.

Video[endre | endre wikiteksten]

Det vart filma ein musikkvideo for songen for belgisk fjernsyn den 18. eller 19. februar 1968, der bandet mimar til songen på ei bru i Brussel. Sjølv om Syd Barrett framleis var eit medlem av bandet då songen vart spelt inn (oktober 1967) og då videoen vart filma, er David Gilmour med i videoen på gitar for første gongen med Pink Floyd.[12][13] Ein kan sjå Atomium-monumentet i bakgrunnen medan bandet spelar.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Piper at the Gates of Dawn (3-CD Deluxe Edition)». AllMusic. 
  2. Unterberger, Andrew (4. august 2017). «The 50 Greatest Pink Floyd Songs: Critic's Picks». Billboard. Henta 11. juni 2019. 
  3. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  4. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
  5. Pink Floyd: Anthology (1980 Warner Bros. Publications, Inc., Secaucus N.J.)
  6. Pink Floyd: The Dark Side of the Moon (1973 Pink Floyd Music Publishers Ltd., London, England, ISBN 0-7119-1028-6 [USA ISBN 0-8256-1078-8])
  7. Pink Floyd: Wish You Were Here (1975 Pink Floyd Music Publishers Ltd., London, England, ISBN 0-7119-1029-4 [USA ISBN 0-8256-1079-6])
  8. Pink Floyd: Animals (1977 Pink Floyd Music Publishers Ltd., London, England, ISBN 0-7119-1030-8 [USA ISBN 0-8256-1077-X])
  9. Guitar World magazine, Volume 22, Number 11, November 2002.
  10. Pink Floyd: The Wall (1980 Pink Floyd Music Publishers Ltd., London, England, ISBN 0-7119-1031-6 [USA ISBN 0-8256-1076-1])
  11. Pink Floyd: The Final Cut (1983 Pink Floyd Music Publishers Ltd., London, England.)
  12. Pink Floyd Paint Box 1968 Belgian TVYouTube.
  13. Pink Floyd: Belgian TV 1968 — 40th Anniversary Edition DVD, The Concert / Roio Database.