Pakistansk natur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Skogkledde fjellsider i Pakistan.
Sporvar på hustak i Pakistan.

Pakistansk natur reflekterer eit nokså tørt klima med høge fjell i nord og varmare område i sør.

Medan fjellsidene i nord er dekte av skog, er plantelivet elles i Pakistan prega av gras og buskvekstar, med få og spreidde tre. I vest veks plantar tilpassa eit tørt klima, medan ørkenområda har svært få plantar. Langs kysten i sør veks mangroveskog.

Når det gjeld dyr ligg Pakistan på grensa mellom den orientalske og den palearktiske regionen. Landet har over 150 pattedyr-, over 174 krypdyr-, over 730 fugle- og 16 amfibieartar.

I fjella i nord lever brunbjørn, kragebjørn, blanfordrev, pipehare og den utryddingstruga snøleoparden. Landet har klauvdyr som steinbukk, besoargeit, tahrgeit, skruegeit (markor) og sauen urial (vestasiatisk muflon). På sletter og i skog lever nilgau og indiaantilope, rhesusape og languren hulman. I ørken og halvørken lever villesel, dorkas- og persiagaselle, rovdyr som gullsjakal, bengalrev og raudrev og gnagarar som hamster, ørkenrotte, springmus og stort holepiggsvin. Landet huser fleire skjelpadder, agamar og gekkoar.

I Indus finn ein dei truga artane indusdelfin og den langsnuta krokodillen gavial, medan ein finn dugong og 12 kvalartar langs kysten. Langs elvebreidda og kysten finn ein ei rekkje våtmarksfuglar om vinteren eller under trekk. Landet har rovfuglar som svartglente, kvitaugevåk, kongeørn, rajafalk og gribbar som bengal, gåsegribb, lamme- og åtselgribb som standfuglar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pakistansk natur