Pakkeboks
Pakkeboks er ei sjølvbetent løysing for å henta, returnera og senda pakkar heile døgnet utan å besøka eit postkontor eller liknande betent stad, som «Post i butikk».[1]
I Noreg finst det pakkeboksar drivne av Posten på over 2000 stader rundt om i landet, plassert ved nabolag og ulike butikkar.[2] Denne tenesta vart lansert kring 2020.[3] PostNord har òg ei tilsvarande løysing kalla Pakkeautomat.[4]
Korleis dei virker
[endre | endre wikiteksten]For å nytta dei norske pakkeboksane må ein lasta ned Posten sin app og registrera seg med telefonnummeret sitt. Når ein pakke er klar til henting, får ein ein SMS eller eit varsel i appen. Då går ein til pakkeboksen, trykkjer på «Åpne luke» i appen, og via Bluetooth opnar pakkeboksen den rette luka. Ein hentar pakken, tek han ut av boksen og lukkar luka etterpå.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bringnorge. «Hva er Pakkeboks og hvorfor bør du tilby det i utsjekk?». bring.no (på norsk). Henta 1. juli 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «Enklere hverdag med Pakkeboks». Posten.no (på norsk). Henta 1. juli 2024.
- ↑ Mogård, Lars Egil (6. juli 2020). «Nå kommer postbudet sjeldnere på besøk». NRK (på norsk bokmål). Henta 1. juli 2024.
- ↑ «Prøv de selvbetjente pakkeautomatene fra PostNord». PostNord. Henta 1. juli 2024. «Pakkeautomatene fra PostNord lar deg hente pakken din der du bor og ferdes, uten at du må forholde deg til kø eller åpningstider.»
- Denne artikkelen bygger på «Pakkeboks» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juli 2024.