Pakkhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Vestindiske Pakhus frå 1789 i Flensburg i Tyskland, bygd av den danske rom-handlaren (brennevins-handlaren) og skipsreiaren Andreas Christiansen, har i 1981 fått ny funksjon som bustads- og kontorbygning. Utbygget i møna for taljen for heising av varar er framleis på plass i ein symbolsk form, og dørene i kvar høgd, som tidlegare vart nytta til å take varar ut og inn, er erstatta med såkalla «franske vindauge».

Pakkhus er ei nemning for særleg eldre lagerhus som er eller har vorte nytta til mellombels lagring av varer eller gods som er frakta inn eller ut med skip eller med jarnbane (jarnbanepakkhus) og skal distribuerast vidare, eventuelt lagerhus for importerte varar som skal lagrast mellombels i samband med fortolling (tollpakkhus).

Pakkhusa er ofte etter måten store og bygd i fleire høgder, der kvar av høgdene er opne i heile lengda og breidda, eller delte inn i seksjonar. I mange høve er det dobbeltfløya dører i fasaden for kvar av høgdene, som kombinert med utvendige heisar, taljer eller kranar gjer det lett å få godset inn eller ut i den aktuelle høgda.