Paktdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paktdagen (eng. Day of the Covenant) er dagen då bahaiar feirar utpeikinga av Abdul-Bahá som etterfølgjaren til Baháulláh, «senteret» for pakta til Baháulláh mellom han og dei som følgde han. Paktdagen blir feira den 26. november kvart år.

Abdul-Bahá grunnla høgtida som ein dag ein kunne feira i staden for fødselsdagen hans 23. mai, som var dagen Ali Muhammad Shirazi erklærte seg som bab, og som berre skulle feirast for dette. 26. november kjem 180 dagar etter dette. Denne høgtida, og dødsdagen til Abdul-Bahá den 28. november, er to høgtider som ikkje skal vera fridagar, ettersom Abdul-Bahá ønskte å unngå persondyrking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]