Palaeoptera
Utsjånad
Palaeoptera | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Palaeoptera Martynov, 1923 |
Palaeoptera er ei samlekjenning for flygande insekt som ikkje er i stand til å falda vengjene sine over bakkroppen. Gruppa omfattar to gjenlevande ordenar; døgnfluger og augestikkarar, i tillegg til minst 8 utdøydde undergrupper. Dei har membranøse vengjer med mange årer, og kontrollerer dei med musklar som er direkte festa til vengjerøtene og i buken. I tillegg er dei hemimetabole og har som vaksne reduserte antenner.
Sidan dei andre flygande insekta, i gruppa Neoptera, mest sannsynleg stammar frå utdøydde Palaeoptera-insekt, er gruppa rekna som parafyletisk. Viss ein berre tek omsyn til nolevande grupper, viser både molekylære og morfologiske data at augestikkarane og døgnflugene er nærare i slekt med kvarandre enn med Neoptera.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer 2002
- Engelsk wikipedia
- ↑ Hovmöller, Rasmus, Pape, Thomas & Källersjö, Mari (2002): The Palaeoptera Problem: Basal Pterygote Phylogeny Inferred from 18S and 28S rDNA Sequences (Abstract[daud lenkje]) i Cladistics 18 (3)