Palandöken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palandöken
fjell
Palandöken i august 2009, sett frå sentrum av Erzurum
Land  Tyrkia
Provins provinsen Erzurum
Høgd 3 271 moh.
Koordinatar 39°50′56″N 41°17′03″E / 39.84889°N 41.28417°E / 39.84889; 41.28417
Kart
Palandöken
39°50′56″N 41°17′03″E / 39.848888888889°N 41.284166666667°E / 39.848888888889; 41.284166666667
Wikimedia Commons: Palandöken Mountain

Palandöken er eit 3271 moh høgt fjell i provinsen Erzurum i Tyrkia. Toppen ligg berre 10 km frå sentrum av Erzurum, som sjølv ligg 1950 meter over havet.

På vegen frå Erzurum til toppen ligg Palandöken skisenter ved fjellandsbyen Başköy, 2100 moh, og kring 4 km frå sentrum. Skiløypene er dei lengste i Tyrkia og på grunn av snøkvaliteten, dei bratte henga og dei lange løypene , er Palandoken kjend som det beste fjellet i Tyrkia for dyktige skirennarar. Den vanskelegaste løypa ligg på baksida av fjellet og vert kalla Ejder, tyrkisk for drake. På grunn av tåke og snørasfare er Ejderheisane og løypene stundom lukka. Skisesongen her byrjar stundom i november og varer stundom heilt til juni. I dag er det i alt åtte heisar i anlegget.

Eit nytt skisenter er bygd nær fjellandsbyen Konaklı, kring 18 km frå byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]