Palatinerhøgda
Palatinerhøgda eller Palatinhøgda (latin: Collis Palatium) er den sentrale av dei sju høgdene i Roma og den eldste delen av byen. Han er 40 meter høg[1] ovanfor Forum Romanum på eine sida og Circus Maximus på andre. Høgda er det etymologiske opphavet til ordet «palass».
Mytologi[endre | endre wikiteksten]
I følgje romersk mytologi var det på Palatinerhøgda at Romulus og Remus vart funne av ulvemora som haldt dei i live. I følgje dette segna fann gjetaren Faustulus spedborna og i lag med kona si Acca Larentia fostra dei borna. Då dei vart eldre var det her Romulus valde å byggje Roma.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Roma har sitt opphav på Palatinerhøgda, og nylege utgravingar har vist at det har budd folk her frå sidan om lag år 1000 f.Kr.
Mange rike romarar i Den romerske republikken (510 f.Kr. – om lag 44 f.Kr.) budde her. Ruinane av palassa til Augustus (63 f.Kr. – 14 e.Kr.), Tiberius (42 f.Kr. – 37 e.Kr.) og Domitian (51 – 96) er framleis synleg. Augustus bygde òg eit tempel til Apollo her, ved sida av huset sitt.
Palatinerhøgda var òg staden der festivalen Lupercalia vart halde.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
|---|---|
| Aventinerhøgda · Celio · Kapitol · Esquilinhøgda · Palatinerhøgda · Kvirinalhøgda · Viminalhøgda |
|