Palawanbrillefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palawanbrillefugl
Palawanbrillefugl
Palawanbrillefugl
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Brillefuglar Zosteropidae
Slekt: Zosterornis
Art: Palawanbrillefugl Z. hypogrammicus
Vitskapleg namn
Zosterornis hypogrammicus

Palawanbrillefugl (Zosterornis hypogrammicus) er ein sporvefugl som er endemisk for oppstykka avgrensa høgtliggande skogsområde på øya PalawanFilippinane. Han er medlem av den biologiske slekta Zosterornis av totalt fem liknande brillefuglartar. Heile gruppa er endemisk for Filippinane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein relativt stor brillefugl, ca. 14-15 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta til vaksne fuglar er generelt olivengrøn på oversida og undersida er olivengul med mørke striper i lengderetninga. Eit stort felt på sida av hovudet frå nebbet bakover og ned mot nakken er mellomgrått. Kjønna er like.[1]

Habitatet til denne arten er eviggrøn, høgtliggande skog frå 1000 moh. til over 2000 meter på den sørlege delen av Palawan. Føda er både insekt og vegetabilsk materiale. Dei plukkar insekt frå blader i alle høgder i trea, men mest oppe i trekroner. Dei beitar parvis eller i små grupper.[1]

Palawanbrillefuglar er rekna som vanlege i det litle utbreiingsområdet sitt. Populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere stabil. Arten var tidlegre klassifisert som sårbar, no nedgradert til globalt nær truga.[2]

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

I august 1961 kom eit dansk ekspedisjonsskip til Palawan og biologane ombord slo leir i ei høgd på 1100 moh. på fjellet Mataling. Eit eksemplar av denne fuglen vart funne og levert til den danske ornitologen Finn Salomonsen som skildra Zosterornis hypogrammicus som ein ny art for vitskapen.[3] Den artspesifikke namnedelen hypogrammicus kjem frå gresk 'hupo' og 'grammikos'[4] og refererer til den streka undersida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Collar, N. & Robson, C. (2018)
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Zosterornis hypogrammicus. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. mai 2018
  3. David Brewer (2018)
  4. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 199. ISBN 978-1-4081-2501-4.