Palekh-miniatyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miniatyr frå 1940.

Palekh-miniatyr (russisk Палехская миниатюра) er eit russisk kunsthandverk og miniatyrmåleri der temperamåling vert påført lakka handverk av pappmasjé, mellom anna små øskjer og boksar, sigarett- og pudderdåsar.

Palekh-miniatyrar på pappmasjé er kjent frå 1923 i landsbyen Palekh, ein stad som ligg i Ivanovo oblast. Handverket er basert på lange, lokale tradisjonar med måling av ikonar.

Teknikken med å lage halvferdige produkt vart lånt frå handverksmeistrar i lakkmåling i Fedoskino. Palekh-miniatyrar syner vanlegvis trekk frå dagleglivet, litteraturen, eventyr og songar. Dei er måla med lokal, lys måling mot ein svart bakgrunn og er kjend for sin delikate, glatte design, rikeleg gyllen skuggelegging og nøyaktige silhuettar med flate figurar. Ofte dekker dei fullstendig overflata av loket og sidene på gjenstanden. Den poetiske og dekorative forma på landskap, arkitektur og langstrekte teikn (bokstavar og tal), går tilbake til tradisjonane med ikonmåling.

Kunsten å måle miniatyrar vert halde ved like også i dag. No til dags finst det verkstader knytt til Kunstnarfondet i Russland, små private studio og kunstnarar i Palekh som driv sjølvstendig. Kunstnarane vert øvd opp i måling av palekh-miniatyrar ved Palekh kunsthøgskule, skipa i 1935.

Arbeid etter palekhmeistrar vert oppbevart i mange museum i Russland og utanlands. Det statlege Palekh Kunstmuseum i Palekh har over to tusen verk i samlinga si.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Palekh på sovjetiske frimerke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]