Paleoklimatologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paleoklimatologi er vitskapen om klimatiske tilhøve i tidlegare periodar av utviklinga til jorda. Dei viktigaste hjelpemidla ein har for å seie noko om dette er fossil og sedimentære bergartar, som morenekonglomerat, som vert avsett under istider, bauxitt-laterittbergartar, som vert danna i tropisk klima og saltavsettingar, som vert danna i tørt klima.

Ein kan studere iskjerner frå Antarktis eller Grønland for å finne ut om tidlegare klima i den nyare delen av historia vår. I tillegg kan ein studere oksygenisotopar, plankton i borekjerner frå verdshava og breidda på årringar i trestammer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]