Paleolimnologi
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne biologiartikkelen som har med geologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Paleolimnologi er studiet av innsjøar sin historie, korleis dei utviklar seg over tid og kva informasjon dei kan gje om miljøet rundt seg. Faget er ein del av paleoøkologien, og nyttar fysiske, kjemiske, geologiske og biologiske data til å rekonstruera historia til særskilde sjøar og områda rundt.
Mykje av paleolimnologien dreier seg om å analysera sediment frå botnen. Som regel tek ein såkalla kjerneprøver som ein kikar nærare på i etterkant. I desse finst det pollen, avfallsprodukt frå levande organismar og fossile plantar og dyr.
