Palindrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit palindrom er ei samling teikn som er lik om ein les henne framleis eller baklengs. Ord, ordrekkjer eller tal kan forma palindrom.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Verdas lengste eitt-ordspalindrom er det finske ordet for «lutsteinhandlar»; saippuakivikauppias.

Nokre palindrom på norsk er ord som tut, anna, radar, tillit og malayalam, namn som Anna, Otto og Ege, setningar som «Agnes i senga» eller «Anne var i Ravenna»· Ein kan og laga lengre, oppdikta ordsamansetjingar, som «snøhøns» og «melkeklem». Eit av dei lengste norske palindroma er: (BM) Rolf Are vurderer om Arons ni drag i gardinsnora morer edru Vera Flor.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.