Pallium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benedikt XVI med pallium

Pallium er namnet på eit kvitt ullband med vovne svarte krossar, brukt som verdigheitsteikn i Den katolske kyrkja. Palliet er ei form for stola, eit band som blir lagt rundt nakken på personen som ber det. Det blei opphavleg berre bore av paven, men blei etterkvart også brukt for høgtståande erkebiskopar (med rang som metropolitt eller primas).

Erkebiskop Daniel Dinardo med pallium.

Ordet kjem frå latin for 'kappe'. Eit pallium blir lagt som ein ring rundt nakken med ei snor hengjande ned på brystet eller på sida.

Pave Innocens III avbilda med pallium.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Palliet skal normalt overrekkast av paven personleg til kvar ny metropolitanerkebiskop. Dersom spesielle tilhøve talar for det kan det i staden takast med til erkebiskopen av ein paveleg delegat. Når ein ny pave blir innsett er det dekanus for kardinalkollegiet som overrekker palliumet til han.

Det er vove av ull frå lam som blir halde ved eit kloster vigd til St. Agnes utanfor bymurane i Roma. 21. januar kvart år blir lamma velsigna i ein spesiell seremoni. Ulla blir teke med til benediktinarsøstrene ved kyrkja Santa Cecilia in Trastevere, som vev pallium. Pallia blir så lagt på Apostelen Peters grav, der dei ligg inntil dei skal delast ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pallium