Palm Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palm Islands
øy
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 25°7′N 55°8′E
Kart
Palm Islands
25°7′1″ N 55°7′55″ E
Wikimedia Commons: The Palm

Palm Islands er to kunstige øyar, Palm Jumeirah og Palm Jebel Ali, på kysten av Dubai i Dei sameinte arabiske emirata. I november 2014 var berre Palm Jumeirah ferdigbygd. Denne øya er forma som eit palmetre, toppa av ein halvmåne. Når øya er ferdig vil både Palm Jumeirah og Palm Jebel Ali ha same form, og begge øyane vil huse store bustadområde, feriestadar og underhaldningssenter. I alt vil øyane ha 520 kilometer med ikkje-offentlege strender.

Bygginga av Palm Jumeirah byrja i juni 2001. Kort tid etter vart det annonsert at ein skulle byggje Palm Jebel Ali. Ei tredje øy var planlagt, og bygginga starta, men denne vart seinare omforma og kalla Deiraøya.

Palm Jumeirah, Burj Khalifa og byen Dubai om natta. Astronautnbilete frå 2012

Palm Jumeirah[endre | endre wikiteksten]

Palm Jumeirah består av ei tre stamme og 16 bregneblad, og er omgjeve av ei halvmåneforma øya som dannar ein 11 km lang bølgjebrytar. Sjølve øya er fem kilometer gongar fem kilometer.

Innbyggjarar byrja å flytte ut på Palm Jumeirah mot slutten av 2006. Palmeøyane er rekna som eit statussymbol i Dubai.

Palm Jebel Ali[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av Palm Jebel Ali byrja i oktober 2002 og var venta å vere ferdig i midten av 2008..[1][2]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av Palm Islands har hatt stor innverknad på miljøet i området, og ført til endringar i dyrelivet, kysterosjon og sedimenttransport langs kysten og bølgjemønster. Sediment som vart virvla opp under bygginga gjorde skade på det lokale sjølivet, og reduserte sollyset for vegetasjonen i sjøen. Bølgjemønstra har òg endra seg då vatnet prøvar å strøyme rundt dei nye hindringane.[3][4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Palm Islands