Palma Vecchio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palma Vecchio

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1480
Serina
Død

30. juli 1528 (48 år)
Venezia

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Born Violante Negretti
Palma Vecchio på Commons

Jacopo Palma eller Palma Vecchio, (14801528) var ein italiensk kunstmålar under renessansen. Han tilhøyrde den venetianske skulen og vert rekna som ein av dei fremste innan stilretninga.

Ei blond kvinne.
Heilag samtale, ca. 1525

Palma Vecchio (som tyder 'gamle Palma'; for å skilje han frå grandnevøen som også var ein kjend målar) var fødd i Serina Alta, nær Bergamo, kringom 1480. Palma kom til Venezia tidleg på 1500-talet, han var visstnok ein følgjesvenn og konkurrent til Lorenzo Lotto. Han skal ha vore elev av Tizian. Dei tidlege arbeida hans viser elles påverknad frå Giovanni Bellini. Palma var truleg lærar til Bonifazio Pitati og har påverka Giovanni Busi, han hadde elles mange elevar som etter hans død fullførte i kring 40 uferdige verk.

Palma sine verk demonstrerer ein overlegen rikdom av fargar, men utmerkar seg korkje i kreativitet eller i handverk. Kvinner opptrer i fleire av måleria hans, ofte var den såkalla dottera hans, Violante, modell. Mange av dei beste arbeida hans vart gjort for kyrkjer. Motiva vert gjerne formidla mot ein bakgrunn med idylliske landskap.

Palma Vecchio døydde i Venezia i 1528.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Palma Vecchio