Palma de Mallorca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Palma
Flagget til Palma Byvåpenet til Palma
Flagget til Palma Byvåpenet til Palma
Kallenamn
«Ciutat»
Plassering
Palma de Mallorca is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Balearane
Provins Balearane
Grunnlagd 120-talet fvt.
Borgarmeister Mateu Isern Estela (PP) (2011)
Geografi
Flatevidd
 - By

235 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

413 781
  1 760,8 /km²
824 842
1 091 228
Koordinatar 39°34′″N 2°39′″EKoordinatar: 39°34′″N 2°39′″E
Høgd over havet 11 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 07001 - 07014
Telefon-retningsnummer +34 971
Nettstad: www.palma.es

Palma (offisielt, uoffisielt Palma de Mallorca) er den største byen på Mallorca og hovudstad i den autonome regionen Balearane i Spania. Namnet Ciutat de Mallorca («Byen Mallorca») og Ciutat vart nytta før den spanske arvefølgjekrigen og vert framleis nytta av innbyggjarane på øya.[1] Byen ligg på sørkysten av øya i Palmabukta. I 2008 hadde byen kring 410 000 innbyggjarar. Nesten halvparten av innbyggjarane på Mallorca bur i Palma. Øygruppa Cabrera vert administrativt styrt av kommunen.

Flyplassen Son Sant Joan tener 22 millionar passasjerar i året. Marivent-palasset vart gjeve til byen av den dåverande kronprins Juan Carlos I av Spania. Dei kongelege har sidan den gong feriert i Palma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

La Seu, bygd mellom 1229 og 1346.

Palma vart grunnlagd av romarane som ein militærleir over restane av ein talaiotisk busetnad på 120-talet fvt. Då Romarriket fall vart byen fleire gonger plyndra av vandalar og så gjenerobra av Austromarriket. På 700-talet vart byen kolonisert av maurarar, som kalla byen Medina Mayurqa.

Området vart etter kvart distansert frå Den iberiske halvøya og folket livnærte seg av jordbruk og sjørøveri. Ei kort stund på byrjinga av 1100-talet var Palma nærast sjølvstendig. Sjørøveriet førte til at kristne handelsmakter to affære og italienarar, katalanarar og oksidentalar gjekk til åtak. Tapet av sjørøveriet førte til økonomiske nedgangstider for byen.

I 1115 vart Palma plyndra av ein ekspedisjon leia av Ramon Berenguer III, greven av Barcelona og Provence. Dei klarte ikkje å drive bort muslimane, men etter dette vart øya ein del av kalifatet til almoravidane. Almarovidane vart derimot drive bort frå Den iberiske halvøya og frå 1157 hadde dei berre makt over Balearane med Palma som hovudstad.

31. desember 1229, etter ei tre månader lang omleiring, vart byen erobra av Jakob I av Aragón og gjeven namnet Palma de Mallorca. Byen vart hovudstad i Kongedømet Mallorca etter Jakob I døydde. Frå den tid starta ein gullalder for byen. Den strategiske plasseringa gjorde at dei kunne drive handel med både Catalona, Valencia, Provence, Maghreb, dei italienske hertugdøma og Det osmanske riket.

På byrjinga av 1500-talet sette opprøret til Brorskapet (eit bondeopprør mot Karl V av Det tysk-romerske riket) og fleire åtak frå tyrkiske og berbiske sjørøvarar til ein nedgang i handelen. Det gjekk derfor nedover med byen til mot slutten av 1600-talet.

Utsyn frå tårnet Porto Pí og borga San Carlos.

I 1714 fall Barcelona og markerte slutten på den spanske arvefølgjekrigen og nederlaget til kongemakta Aragon og dette medførte at det vart sett inn nytt styre på øya.

På byrjinga av 1800-talet vart Palma ein tilfluktsstad for mange som hadde rømd frå det okkuperte Catalonia og Valencia under napoleonskrigane. Under den spanske administrative omorganiseringa i 1833 vart Palma hovudstad i den nye provinsen Balearane. Den franske okkupasjonen i Algerie på 1800-talet gjorde òg slutt på frykta for åtak frå maghrebane. Dette gjorde at sjøfarten auka og byen fekk ein økonomisk vekst.

Sidan 1950-åra har masseturismen radikalt endra både byen og øya, og gjort dei om til turistsenter. Palma starta å vekse kraftig. I 1960 hadde Mallorca om lag ein halv million turistar, i 1997 om lag 6,7 millionar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Palma de Mallorca

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palma de Mallorca?