Palmeøyane naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°29′33.85″N 35°46′28.41″E
Palmeøyane naturreservat
arabisk محمية جزر النخيل الطبيعية
verneområde
Palms Islands.jpg
Sandstrendene på Palmeøya
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Region Nord guvernement
Distrikt Tripoli distrikt
By Tripoli
Stad utafor kysten og nordvest for Tripoli
 - høgd moh.
 - koordinatar 34°29′33.85″N 35°46′28.41″E
Høgaste punkt 12
Areal 4,2 km²
biom Middelhavet
Geologi Kalkstein
Dyr suppeskilpadde, karettskilpadde
Grunnlagd 1992
Styre Det libanesiske miljøvernsdepartementet
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Palmeøyane naturreservat består av tre flate, klippete øyar av erodert kalkstein og den kringliggande sjøen, 5,5 km utafor kysten og nordvest for Tripoli i Libanon.

I alt dekkjer reservatet eit areal på 4,2 kvadratkilometer og har status som eit særskild verneområde i Middelhavet etter Barcelonakonvensjonen frå 1995. Øyane har òg status som Ramsar-stad sidan 1980 og er rekna som eit viktig fugleområde av BirdLife International.[1][2][3] På øyane finst havskilpadder (Chelona mydas), sjeldan munkesel og kvile- og hekkeområde for trekkfuglar.[4]

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Den største av dei tre øyane er Palmeøya (arabisk جزيرة النخيل, Jazeerat an-Nakheel) òg kalla Kaninøya (arabisk جزيرة الأرانب, Jazeerat al-Araneb). Namnet 'Araneb' (kaninar) kjem frå dei mange kaninane som var på øya under Det franske mandatet tidleg på 1900-talet.[5] Palmeøya har eit flatt terreng og dekkjer 180 796 kvadratmeter. Det høgaste punktet på øya er berre 6 meter over havet. Den klippete kystlinja strekkjer seg frå nordvest til sør, medan sandstrender ligg i nord og aust. Midten av øya er av jord, og syner spor etter menneskeleg busetnad med ein ferskvassbrunn og ein gammal saltfordampingsdam og restane etter ei krossfararkyrkje. Øya vart rehabilitert og brunnen vart restaurert og vatnet vart nytta til kunstig vatning av dei 570 palmetrea på øya. Styresmaktene bygde òg ein kai og stiar avgrensa område på øya for fritid og forsking.[1][2]

Sananiøya (arabisk جزيرة السناني, Jazeerat as-Sanani) dekkjer eit areal på 45 503 kvadratmeter søraust for Palmeøya. Ho er klippete med enkelte sandstrender.[1][2]

Ramkineøya (arabisk جزيرة رمكين, Jazeerat Ramkine), òg kalla Fanarøya (arabisk جزيرة الفنار, Jazeerat al-Fanar) er den minste av øyane med eit areal på 34 903 kvadratmeter; og ligg nordvest for Palmeøya. Ramkineøya er hovudsakleg klipper som stig til kring 12 meter over havet. Det står eit lite fyr på øya, i tillegg til kanonstillingar og underjordiske bunkerar frå tidleg på 1900-talet. Eit solenergi-drive navigasjonslys er sett inn i det gamle fyret.[1] [2] Øyane er offentleg eigedom og vart erklært eit verneområde den 9. mars 1992.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øyane har vore ein viktig busetnad, noko dei mange ostraka frå sein romersk tid og mellomalderen, og dei mange cisternene syner. Den første utgravinga av Palmeøya fann stad i oktober 1973 og synte fundamentet til fleire bygningar daterte til krossfarartida, bygd med delar av tidlegare bygg, som søyler og bitar av kapitel.

Kjelder frå mellomalderen som nemner øyane utafor Tripoli er den arabiske geografen Idrisi som vitja byen på 1100-talet då han vart styrt av Raymond III; Idrisi skreiv:

Utafor byen Tripoli ligg fire øyar på ei rekkje. Den første av desse, og nærast land, er Nascissusøya; ho er særs lita og ikkje busett. Så kjem Søyleøya, så Munkeøya og så Ardhakunøya.

Krossfararane bygde ei kyrkje på den største øya. Det var her Alice av Champagne, enka til Hugo I av Kypros kom i 1224 for å gifte seg med Bohemond V av Antioka. Det kongelege bryllaupet fann stad i denne kyrkja, som fortalt av arabiske historikarar. Kyrkja var tileigna apostelen Thomas. Fleire år seinare var øya åstad for ein blodig massakre, då mamelukkane gjekk inn i Tripoli i 1289 og innbyggjarar flykta i panikk til hamna og over til øya. Mange søkte tilflukt i kyrkja der dei vart drepne då mamelukkane tok dei att. Øya vart etter dette forlate i mange år.[6][7]

I dag vert Palmeøyane styrt og overvaka av Tripoli miljøvernskomite. Øyane vart opna for ålmenta i 1999, men berre mellom juli og september. Lokale fiskarar fraktarar passasjerar over til øyane frå Tripoli.[8]

Trugslar[endre | endre wikiteksten]

Under krigen i 2006 mellom Israel og Hizbollah oppstod det eit stort oljeutslepp etter at israelarane bomba det libanesiske energiverket Jiyyeh. Dette forstyrra det skjøre økosystemet. Olja dekte strandsona av øyane og tok livet av mikroorganismar og algar som er viktige matkjelder for dyrelivet i området. Olja var òg ein trugsel for både skjelpadder og trekkfuglar. Eit oppreinskingsprosjekt vart utført av World Conservation Union.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 IKAMA. «Palm islands». ikamalebanon. Henta 15. august 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Tohme, Georges; Ghassan Ramadan Jaradi, Ali Mneimneh (August 2004). «Biologisk mangfald assessment and monitoring in protected areas / Lebanon / Leb/95/G31: Palms islands nature reserve». Beirut: Det libanesiske miljøvernsdepartementet. http://193.227.177.166/MOEAPP/ProtectedAreas/publications/FinalReportPalm.pdf. 
  3. Sheehan, Sean; Zawiah Abdul Latif (2007). Libanon. Culture of the World 13 (2 utg.). Marshall Cavendish. ISBN 9780761420811.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp);
  4. 4,0 4,1 Carter, Terry; Lara Dunston, Amelia Thomas (2008). Syria & Libanon (3 utg.). Lonely Planet. ISBN 9781741046090.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp);
  5. Lebanon clean and Green. «Directory of libanesisk environmental organizations, groups, activists, and businesses». Lebanon clean and Green. Henta 15. august 2014. 
  6. Khayat, Samir Saadi. «Offshore islands - history». Tripoli-Lebanon. Henta 15. august 2014. 
  7. Nina Jidejian. Tripoli through the ages. el-Mashreq publishers. 
  8. Tripoli-city.org. «Tripoli's palm islands natural preserve». Tripoli-city.org. Henta 15. august 2014.