Palmefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om plantefamilien. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Palme.
Palmefamilien


Palmeskog på Palawan.
Palmeskog på Palawan.

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Monocotyledonae
Underorden: Arecales
Vitskapleg namn
Arecales,
Arecaceae

Palmar (latin Arecaceae) er ein familie av einfrøbladeda plantar og er kjenneteikna av ein stamme utan greiner med ei krone av lange blad i ei vifte. Palmar veks overalt i tropane og i ei viss mon også i subtropane. Dei kan ha ulike frukter, som bær, nøtt eller steinfrukt, og mange blir nytta av menneske, som daddelpalme, kokospalme og oljepalme. Trevirket og blada kan også brukast til utstyr og byggjemateriale.

Palme i sand sør i Tunisia.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Palmefamilien er den einaste familien i underordenen Arecales. Han inneheld om lag 2 500 kjende artar fordelt på rundt 190 slekter. Underordenen Arecales høyrer anten til i ordenen Commelinales eller direkte i kladen Commelinidae.

Nokre av slekten i palmefamilien er:

Bruk av palmeblad under russisk-ortodoks palmesundagsgudsteneste i 2010.
Palmetre ved stranda i Negombo på Sri Lanka.

Symbolsk bruk av palmar[endre | endre wikiteksten]

Sidan oldtida har palmeblad vore nytta som eit teikn på rikdom, siger, ære og triumf.

I jødedommen står palma for fred og rikdom, og kan symbolisera livsens tre i Kabbala. Ei uutsprungen daddelpalmegrein er eit av dei fire slaga under sukkothøgtida.

Innan kristendommen er palmesundag ei viktig påskehøgtid der ein ofte bruker palmeblad eller noko som liknar til gudstenesta. Høgtida er til minne om Jesus sitt inntog i Jerusalem der folk la palmeblad framfor han. Palmeblad er elles blitt nytta av pilegrimar til Jerusalem (sjå etternamnet Palmer) og som helgenattributt (sjå t.d. heilage Agnes).

Elles er palmar rekna som eit symbol på tropane, særleg tropiske øyar og strender. Fleire land og område der det veks palmar har bilde av dei på flagg, segl og liknande, til dømes Guam, Haiti, Saudi-Arabia, Florida og Sør-Carolina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Palmefamilien

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.