Palmesaft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Palmesaft i Indonesia, vunne ut frå Borassus flabellifer.

Palmesaft er ei søt væske laga av sevja frå ulike palmetypar. Sevja kan ein få til å renna ut anten ved skjera hol i knoppar, nye skot eller krona av treet etter å ha fjerna blad.

Palmesaft har høgt sukroseinnhald, og i det varme klimaet palmar veks i vil safta raskt gjæra av seg sjølv. Lagra palmesaft vil derfor bli til alkoholhaldig palmevin om ho ikkje blir drukken eller halden avkjølt. Denne vinen kan vidare destillerast til drikken arak.

Palmesaft kan også kondenserast til sukkerprodukta jaggery/palmesukker eller palmesirup.

Hyppig tapping kan skada og til slutt drepa eit tre; tapping av palmesaft frå daddelpalmar har derfor vore forbode i ein del område. Den tradisjonelle tappemetoden frå India, der ein berre tappar ein gong i året og ikkje tek vekk mange blad, har mindre innverknad på tre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]