Pals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Godt utvikla palsar sett frå lufta.

Pals er ein haug eller rygg (streng) på myr, som er over 1 meter høg og inneheld ein kjerne av permafrost. Telen går ned under grunnvassnivå. Palsmyr dannast i område med lite nedbør og låg gjennomsnittleg årstemperatur, i Noreg hovudsakleg i indre strøk av Troms og Finnmark, men òg over skoggrensa i Sør-Noreg.

Palsane dannast når telen sprenger opp jorda, og dei har ei isolerande kappe av torv som vernar telen om sommaren. Dei høgaste palsane i Noreg finst i Varangerbotnområdet, og er mellom 5 og 6 meter høge. Palsane er ofte knytt til kvabb-avleiringer der store smeltevasselvar frå sein-istida ein gong munna ut i havet. Vassamlinga som ein ofte ser rundt eller inntil ein pals, kallast palslagg. Palslaggen er eit teikn på at palsen sakte smeltar bort. Når palsen er borte blir det gjerne ein sirkelforma dam att.

Norsk institutt for naturforskning har overvaka palsmyrer i Finnmark, Troms og på Dovre sidan 1994. Det finst òg systematiske studium frå 1970-talet. Naturtypen minkar sterkt i utbreiing pga klimaendringer.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Direktoratet for naturforvaltning: "Palsmyr smelter i Finnmark"