Palygorskitt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Palygorskitt | |
![]() A sample of Palygorskite | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Fylosilikat |
Kjemisk formel | (Mg,Al)2Si4O10(OH)·4(H2O) |
Strunz-klassifisering | 09.EE.20 |
Krystallsymmetri | 2/m - prismatisk |
Einingscelle | a = 12.78Å, b = 17.86Å, c = 5.24Å β = 95.78° |
Identifikasjon | |
Farge | Kvit, gråaktig, gulaktig, grå-grøn |
Kløyv | tydeleg/god, god på {110} |
Mohs hardleiksskala | 2 - 2½ |
Glans | Voksaktig, jordaktig |
Transparens | Gjennomskinneleg |
Spesifikk vekt | 1 - 2.6 |
Kjelder | [1][2][3] |
Palygorskitt eller attapulgitt er eit leirmineral som dannar kvite til grå, fibrige matter. Dei opptrer ofte på sprekkar i bergartar som såkalla berglêr eller bergkork. Det er eit vasshaldig magnesium-aluminiumsilikat, (Mg,Al)2Si4O10(OH)·4H2O, og strukturmessig er det eit sjiktgittersilikat med tydeleg kjedestruktur.
Namnet attapulgitt kjem frå den amerikanske byen Attapulgus i Georgia, der det finst mykje av mineralet. Namnet palygorskitt er gjeven etter staden i Uralfjella der det først vart oppdaga.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Palygorskitt», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. februar 2014