Hopp til innhald

Pam Kilborn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pam Kilborn
StatsborgarskapAustralia
Fødd12. august 1939 (86 år)
Melbourne
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964
Utmerkingar medlem av Den britiske imperieordenen, Athletics Australia Hall of Fame, medlem av Order of Australia

Pamela Kilborn, fødd Ryan, (fødd 12. august 1939) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Melbourne som vann bronsemedaljen i 80 meter hekk under Sommar-OL 1964 og og sølvmedaljen i same øvinga ved sommarleikane 1968, i dei sistnemnde leikane sette ho personleg rekord med 11,50 sekundar.

Kilborn vann både 80 meter hekk og lengdehopp ved dei dei britiske samveldeleikane i Perth i desember 1962. Under Sommar-OL 1964 i Tokyo vart ho bronsemedaljør på 80 meter hekk, med same tid som vinnaren Karin Balzer frå Aust-Tyskland og Teresa Ciepły frå Polen på sølvplass.

Under dei britiske samveldeleikane 1966 i Kingston på Jamaica forsvarte Kilborn meistertittelen på 80 meter hekk, i tillegg sprang ho ein etappe for det australske vinnarlaget i 4 x 100 meter stafett. I Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vann ho sølvmedaljen på 80 meter hekk, landskvinna Maureen Caird tok gullmedaljen.

Samveldeleikane 1970 i Edinburgh sigra Kilborn på 100 meter hekk, framom Maureen Caird. Som fire år tidlegare var Kilborn del av Australia sitt vinnarlag i 4 x 100 meter stafett. 28. juni 1972 sette ho verdsrekord med 12,5 sekund i Warszawa. Denne rekorden sletta Annelie Ehrhardt frå Aust-Tyskland midt i august. I byrjinga av september møttest dei begge i OL-finalen på 100 meter hekk under sommarleikane i München. Kilborn kom på fjerdeplass, etter å ha presterte livsbeste 12,93 sekund i semifinalen, medan Ehrhardt sette verdsrekord i finalen med 12,59 og vart olympisk meister.