Pama-nyunganske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aboriginsk språkkart over Australia med språk rekna som pama-nyunganske markerte med gult. Makro-pama-nyunganske språk er merka med grønt og oransje.

Pama-nyunganske språk er i følgje ein del forskarar, mellom anna Ken Hale og Nick Evans, ein underfamilie av dei australske språka. Språkfamilien har fått namn frå to av underfamiliane som ligg langt frå kvarandre, pamaspråka i nordaust, og nyunganspråka i sørvest.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

I følgje Nicholas Evans på Universitetet i Melbourne er dei næraste slektningane til dei pama-nyunganske språka det utdøydde isolatspråket garawa, og deretter dei tangiske språka. Han gjer deretter framlegg om at det finst ein fjern slektskap ved dei gunwingguanske språka i ein makrofamilie som han kallar makro-pama-nyunganske språk.

Ethnologue listar heile 178 pama-nyunganske språk som kan delast opp i 30 språkgreiner: