Pamflett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein nederlandsk demonstrant deler ut pamflettar i 1966.

Pamflett er eit lite hefte eller ei bok som ikkje er innbunden. Det kan ofte ha eit polemisk innhald, til dømes politisk eller religiøst, eller vera retta mot ein person (nidskrift). Liknande omgrep er brosjyre og flygeblad.

Norsk pamflett om Militærstreiksaken frå 1924.
Nederlandsk pamflett om tulipanar frå 1637.

Ein pamflett kan vera laga av eit enkelt stykke papir som er blitt trykt på begge sider og bretta fleire gonger. I UNESCO sin definisjon har ein pamflett minst 5 sider og maksimalt 48 sider, utan innbindingssider.[1]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «pamflett» er avleidd frå engelsk pamphlet i tydinga eit lite skrift uten omslag.[2] Det kom inn i mellomengelsk ein gong rundt 1387 som pamphilet eller panflet. Dette kom frå Pamphilus, seu de Amore ('Pamphilus: eller, om kjærleiken'), eit kort latinsk, elegisk-komisk kjærleiksdikt frå 1100-talet.[3] Dette diktet var svært populært og blei mykje reprodusert. Namnet blei etterkvart knytta til verk som var kortare enn ei bok på engelsk ved slutten av 1300-talet. Den meir innsnevra og moderne tydinga er «uinnbunden bok» og «kontroversiell tekst».[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Recommendation concerning the International Standardization of Statistics Relating to Book Production and Periodicals, UNESCO, 19. november 1964, http://portal.unesco.org/en/ev.php-URL_ID=13068&URL_DO=DO_TOPIC&URL_SECTION=201.html 
  2. «Pamflett» i Nynorskordboka
  3. Oxford English Dictionary: «pamphlet».
  4. Ayto, John (1999): Dictionary of Word Origins, Bloomsbury Reference, s. 381