Pamplemousses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mauritius districts numbered.svg

Pamplemousses er eit distrikt nord på Mauritius (nr. 5 på kartet). Det grensar til Rivière du Rempart i aust, Flacq og Moka i sør og Port Louis i sør-vest. Pamplemousses har eit areal på 179 kkm, og hovudstaden heiter Triolet. Folketalet var 122.352 i år 2000.

Distriktet har fått namnet sitt etter det franske ordet for grapefrukt, etter ein fruktplantasje som fanst i tettstaden. I Pamplemousses finn ein i dag ein stor botanisk hage som har fått namn etter politikaren Seewoosagur Ramgoolam.