Pampusjka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pampusjkaer utan pynt.

Pampusjka (ukrainsk пампушкa) er ein liten ukrainsk bolle med gjær som kan vera krydra eller søt.[1][2][3][4] Bollen kan bakast i omn eller steikast som ein smultring. Søt pampusjka kan også ha fyll, medan variantane som ikkje er søte kan smaksetjast med kvitlauksaus.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det ukrainske ordet pampukhkjem via polsk pampuch (ein type mjølbolle eller dampa smultring) frå tysk Pfannkuchen ('pannekake'). [5][6] Diminutivsforma pampusjka er vanlegare å bruka enn grunnforma. Fleirtalsforma er pampusjky.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Gjærdeigen til pampusjak kan lagast av kveite-, rug- og bokkveietmjøl. Tradisjonelt er bollane blitt bakte, men dei kan også steikast.[1][2][3][4] Pampusjka som ikkje er søt har ikkje fyll, men blir vanlegvis smakssett med ein kvitlaukssaus. Denne forma blir ofte servert til borsj eller jusjka.[1][3][4] Søt pampusjka kan fyllast med frukt, bær, varenje, povydlo eller valmuefrø, og kan dryssast med melis.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje William Pokhlyobkin viser teknikken ein bruker til å laga pampusjka til tysk mattradisjon, og bollane kan ha opphav frå tyske kolonistar i Ukraina. Bollane blei utbreidde i landet på andre halvdel av 1800-talet, og fekk status som ein tradisjonell ukrainsk rett.[4]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2008 har ein halde ein Pampukh-festival i tida rundt den ortodokse jula (i januar) i Lviv.[7][8] Under festivalen i 2012 blei det sett ein Guinness-rekord der ein laga verdas største mosaikk av smultringar.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Olia Hercules (2015). «Ukrainian garlic bread». Mamushka: Recipes from Ukraine & beyond. UK: Hachette. ISBN 9781784720735. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Timothy G. Roufs; Kathleen Smyth Roufs (2014). Sweet Treats around the World: An Encyclopedia of Food and Culture: An Encyclopedia of Food and Culture. ABC-CLIO. s. 346, 347, 562. ISBN 9781610692212. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Zinovia Klinovetska (1913). Страви й напитки на Україні (Dishes and beverages in Ukraine) (på ukrainsk). Kyiv, Lviv. s. 52, 185. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 William Pokhlyobkin. Большая энциклопедия кулинарного искусства (Great Encyclopedia of Cookery) (på russisk). Moscow: Centrpoligraph. s. 820. ISBN 978-5-9524-3563-6. 
  5. «Пампух, пампуха». Словник української мови в 11 томах. Академічний тлумачний словник (på ukrainsk). Kyiv: Naukova Dumka. 1970–1980. 
  6. Max Vasmer (1953–55). «Пампуха». Russisches Etymologisches Wörterbuch (på tysk). Heidelberg: Carl Winter. 
  7. «Lviv's Pampukh Festival promotes Ukrainian doughnuts». Ukrinform. 9. januar 2014. Arkivert frå originalen 13. november 2021. Henta 12. mars 2022. 
  8. «IX Pampukh Holiday – the main event of Christmas in Lviv». Lviv City Administration. 2017. Arkivert frå originalen 20. mars 2017. Henta 19. mars 2017. 
  9. Polly Mosendz (5. juni 2015). «A Look at the Guinness World Records of Doughnuts In Celebration of National Doughnut Day». Newsweek. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pampusjka