Sjimpanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pan troglodytes)
Sjimpanse
Sjimpanse i ein dyrehage
Sjimpanse i ein dyrehage
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Sjimpanse
Utbreiinga av Sjimpanse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Familie: Hominidae
Stamme: Hominini
Understamme: Panina
Slekt: Sjimpansar Pan
Art: Sjimpanse P. troglodytes
Vitskapleg namn
Pan troglodytes

Sjimpansen (Pan troglodytes) er ein menneskeape som lever i skogar i Afrika. Han høyrer til mellom dei dyra som står mennesket nærast evolusjonsmessig; mellom 0,5% og 5 % av gena skil oss.Dette kan illustrerast ved at menneska og sjimpansane har identiske cytokrom c-protein, og det i ein variant ingen andre dyreartar er kjent å ha.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sjimpansar er ein menneskeape som på same måte som oss har motsette tomlar og manglar hale. Dei er dekt med mørk brun til svart pels, er mellom 130 og 170 cm høge når dei står på bakbeina, og veg mellom 30 og 40 kg i naturen. Individ i fangenskap kan derimot vega opp mot 100 kg.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Sjimpansar lever vilt i regnskog og tresavannar i vest- og sentral-Afrika.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sjimpansar er sosiale, dagaktive dyr som lever vekselvis på bakken og i tre. Dei lever i flokkar på mellom 15 og 150 dyr leidd av ein dominerande hann. Den sosiale rangordninga kjem fram gjennom eit avansert kroppsspråk, som hovudsakleg baserer seg på andletsuttrykk.

Sjimpansen og mennesket[endre | endre wikiteksten]

Sjimpansen står mennesket nærare enn noko anna dyr. Dette har ført til at han er mykje brukt både i forsking og underhaldning, noko som har vorte eit trugsmål for bestanden. Kanskje er trugsmålet gjensidig; nokre forskarar meiner t.d. at HIV-viruset oppstod i sjimpanseflokkar før det spreidde seg til menneske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar