Panamakanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 9°04′N 79°40′W

Panamakanalen
kanal
Land  Panama
Del av Seven Wonders of the Modern World
Kart
Panamakanalen
9°5′ N 79°41′ W
Wikimedia Commons: Panama Canal

Panamakanalen er ein stor kanal som skjer gjennom den smalaste delen av Panama. Kanalen er 80 km lang og opna i 1914. Han gjer det mogeleg for skip å ta «snarvegen» frå Atlanterhavet til Stillehavet og omvendt via Gatúnsjøen. 5 % av verdshandelen går gjennom kanalen.

Dimensjonar[endre | endre wikiteksten]

Panamakanalen sett frå søraust mot nordvest
Grafisk framstilling (Visible Earth, SRTM Team NASA/JPL/NIMA)

Panamakanalen er vel 80 km lang.[1] Han har to sett med sluser på stillehavssida, Miraflores- og Pedro Miguel-slusene, og Gatun-slusene på atlanterhavssida. Kvart slusekammer er 305 meter langt, 33,5 meter breidt og 24 meter djupt.[a]

Kanalen har to løp slik at det kan gå skip i begge retningar samstundes. Høgdeskilnaden frå havet til Gatunsjøen er 26 meter. Samanlikna med Suezkanalen vart det tatt ut tre gonger meir masse då Panamakanalen vart bygd, totalt 204 millionar kubikkmeter (268 millioner kubikkyards).[2]

På atlanterhavssida har slusene massive stålportar som er 21 meter høge og veg 745 tonn kvar, men dei er allikevel så godt balansert at dei bare krev ein 30 kW (40 hestekrefter) motor for opning og lukking. På stillehavssida, ved Miraflores, er slusene 24 cm høgare og er utsett for mykje større tidvasskilnader.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Med djupne meiner ein her avstand mellom topp og botn av slusekammeret, men i og med at det er nokre meter frå toppen på slusekammeret til øvste fyllingsnivå på slusa så er mogleg djupgåande noko mindre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.