Panarea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Panarea
Panadabasi.jpg
Geografi
Panarea is located in Italia
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°38′15″N 15°04′00″EKoordinatar: 38°38′15″N 15°04′00″E
Øygruppe Dei eoliske øyane

Areal 3,4 km²

Høgaste punkt Punta del Corvo (421 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Messina

Demografi
Folketal 280
Folketettleik 82 /km²

Panarea er den nest minste (etter Basiluzzo) av dei viktigare medlemmane av Dei eoliske øyane i Tyrrenhavet utanfor nordkysten av Sicilia i Italia. Ho har eit areal på berre 3,4 km². I antikken vart øya kalla Euonymus, den nærliggande småøya til Basiluzzo, som administrativt høyrte til Panarea, vart kalla Hycesia" Det er arkeologiske spor som går tiblake til mykenske innbyggjarar, om lag 1200 f.Kr., og øya var seinare busett av romarar. Det budde framleis folk på øya fram til sjørøvarar og andre røvarar i Middelhavet gjorde det umogeleg å bu her etter Romarriket sitt fall.

Øya er ein gamal, utdøydd vulkan. Det høgaste punktet på øya er Punta del Corvo med ei høgd på 421 meter over havet. Det er varmekjelder nær landsbyen Punta di Peppe e Maria. Mange kjem til den vesle øya for å dykke, og ein kan til og med symje til eit skipsvrak mellom klippene ved Lisca Bianca og Bottaro.

I dag bur det om lag 280 innbyggjarar på øya året rundt, men om sommaren kjem det turistar hit i hopetal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Panarea» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2007.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Ezio Giunta, dir. (2005). «Panarea». Estateolie 2005*The Essential Guide (English version of Tourist Guidebook): 100–103. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Panarea