Pančićev vrh

Koordinatar: 43°16′9″N 20°49′21″E / 43.26917°N 20.82250°E / 43.26917; 20.82250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pancicev vrh)

43°16′9″N 20°49′21″E / 43.26917°N 20.82250°E / 43.26917; 20.82250

Mausoleumet til Josif Pančić på toppen av Pančić vrh.

Pančićev vrh (serbisk Панчићев врх, Pančićev vrh, albansk Maja Pançiq) er den høgaste toppen i Kopaonikfjella. Han ligg sør i Sentral-Serbia[1], nær grensa til Kosovo. På toppen ligg ein serbisk militærbase.[2]

Fjelltoppen vart tidlegare kalla Milanov vrh' (serbisk Миланов врх, Milanov vrh) etter den første kongen av det moderne Serbia, Milan Obrenović. I 1951 vart fjelltoppen kalla opp etter den serbiske botanikaren Josif Pančić, som er gravlagd i eit lite mausoleum på toppen-[3] Dette vart øydelagd i 1999 under NATO-bombinga av Jugoslavia.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pančićev vrhGoogle Maps
  2. TRANSVERZALA "JOSIF PANČIĆ" NA KOPAONIKU, arkivert frå originalen 30. januar 2009, henta 16. februar 2009 
  3. Josif Pančić i Kopaonik Arkivert 2009-08-25 ved Wayback Machine. (serbisk)
  4. Gađali i mauzolej, Ilustrovana Politika Arkivert 2009-01-03 ved Wayback Machine. (serbisk)
  5. Sempervivum kopaonikense i Kopaonik gora, arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 16. februar 2009 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Serbia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.