Fiskeørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pandionidae)
Fiskeørn
Fiskeørn klar til å stupe etter fangst
Fiskeørn klar til å stupe etter fangst
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av fiskeørn
Utbreiinga av fiskeørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Fiskeørnfamilien Pandionidae
Slekt: Fiskeørner Pandion
Art: Fiskeørn P. haliaetus
Vitskapleg namn
Pandion haliaetus

Fiskeørn (Pandion haliaetus) er den einaste medlemmen i familien fiskeørnar (Pandionidae). Ho er ein mellomstor rovfugl som lever nesten berre av fisk som ho tek i vassoverflata. Fiskeørna finst på alle kontinentajorda unnateke Antarktis. I Sør-Amerika lever ho som trekkfugl som ikkje hekkar.

Utsjånaden gjer at fuglen er lett å identifisere. Ørna har ljos (nesten kvit) underside med tydeleg markerte mørke «knokar» ved framkanten til vengene, svart nakke og overside av vengene.

Fiskeørna er veltilpassa levesettet sitt, med yttertær som vender bakover, nasebor som kan stengjast, og kvasse klør som hjelper ho til å halde fast fanga bytte. Når byttet er fanga, blir det alltid halde med hovudet framåt, så luftmotstanden skal vera minst mogleg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fiskeørn med fisk.
Foto: Michael L. Baird
I flukt, over Lake Wylie I Sør-Carolina.
Foto: Gareth Rasberry

Fiskeørna veg mellom 0,9 og 2,1 kg, har kroppslengd på 50-66 cm og eit vengespenn på 127-180 cm. Underartane er nokså likeins i storleik. Oversida er gråbrun, medan brystet er kvitt og nokon gonger smykka med brunt, undersida er rein kvit, undersida av vengene har svarte teikningar og halen har fine tverrband. Hovudet er kvitt med ei mørk maske over auga, maska når ned til sidene av halsen.[2] Auga har gyllen til brun iris, og den gjennomsiktige blinkhinna er bleik blå. Nebbet er svart, med ein blå ceres, og føtene er kvite med svarte klør.[3] Den relativt korte halen, lange, smale venger med fire lange, fingerliknande fjører, og ei kortare femte, gjev fiskeørna ein veldig karakteristisk utsjånad.[4] I flukt har fiskeørna bende og litt hengjande venger.

Kjønna ser like ut, men vaksne hannar kan skiljast frå hoa ved at han har slankare kropp og smalare venger enn hoa. Brystbandet på hannar er òg svakare enn hos hofuglar, eller er fråverande, og dekkfjører på undervengen hos hannar er jamt bleikare. Det er enkelt å avgjere kjønn på eit ynglande par, men vanskelegare med individuelle fuglar.[4]

Ein kan kjenne juvenile fiskeørner på brungule fjørfrynsar på oversida, ein brungul tone på undersida, og stripa fjør på hovudet. Seinare på året, når fjører på oversida har fått slitasje, vil tverrstriping på undervengene og vengfjørene vere beste indikator for ein ung fugl.[2]

Lætet, lokkelyd, er ein serie av skarpe fløytetonar, skildra som «pjypp, pjypp, pjypp»; varsellætet er eit skarpare «kju, kju, kju,». Ved kurtise i flukt eit klagande, pipande «y-ilp y-ilp y-ilp»![5]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Fiskeørna er den nest mest utbreidde rovfuglarten globalt, etter vandrefalk. Ho har verdsomspennande distribusjon og finst i tempererte og tropiske regionar på alle kontinent unntatt Antarktis. I Nord-Amerika hekkar ho frå Alaska og Newfoundland sør til gulfkysten og Florida, ho overvintrar lenger sør, i området frå det sørlege USA ned til Argentina.[6] Ho lever sommarstid i heile Europa nord til Storbritannia, Irland, Skandinavia, Finland, men ikkje på Island. I Australia er ho hovudsakleg standfugl og finst stadvis rundt kysten, og ho er berre vitjande til austlege Victoria og i Tasmania utan å hekke der.[7] Ho finst òg på Bismarckarkipelet, Salomonøyane og Ny-Caledonia, fossil er funne på Tonga, der ho sannsynlegvis vart utrydda av menneske.[8] I alle delar av Sør-Asia er ho ganske vanleg vintervitjar,[9] likeins i Søraust-Asia frå Myanmar gjennom Indokina og sørlege Kina, Indonesia, Malaysia og Filippinane.[10]

Trekk

Europeiske hekkefuglar overvintrar i regelen i Afrika.[11] Europeiske fuglar kan òg overvintre i Sør-Asia, ei fiskeørn ringmerkt i Noreg vart funnen att i vestlege India.[12] Nordamerikanske hekkefuglar trekker til Sør-Amerika, sjølv om nokre oppheld seg i dei sørlegaste statar av USA som Florida og California.[13] Nokre fiskeørnar frå Florida migrerer til Sør-Amerika.[14] Vanlegvis migrerer ikkje fiskeørnene som hekkar i Australasia.

Åtferd og økologi[endre | endre wikiteksten]

Førebur seg på å pare seg på reiret
Foto: Matt edmonds

Fisk gjer ut for 99 % av dietten for fiskeørner.[15] Synet er godt tilpassa til å oppdage byttet under vatn frå lufta, fiskeørna kan få auge på fisken frå ei høgd på 10-40 meter over vassflata, så svevflyge ei kort stund før ho stuper og grip byttet med føtene først ned i vatnet.[16] Fiskeørna er spesielt godt tilpassa denne fangstmetoden, med vendbare ytre tær, naseborer som kan lukkast for å halde vatnet ute under dukk, og bakovervende skjel på klørne fungerer som mothakar for å hjelpe halde fangsten fast.

Nokre gonger kan fiskeørna fangste på gnagarar, amfibium og fuglar,[17] og på små krypdyr.[18]

Fiskeørna hekkar nær innsjøar og elver, og nokon gonger ved brakkvatn. Reiret er ein stor haug som kan vere bygd av kvistar, drivved og tang i forgreiningar på tre, på knausar, telefonstolpar, på holmar eller kunstige plattformar i vatn.[15][19] Vanlegvis blir fiskeørna kjønnsmoden og byrjar å hekke rundt ein alder av tre til fire år. Viss det ikkje er eigna hekkeplassar tilgjengelege, kan unge fiskeørner tvingast til å utsetje hekkinga.

Fiskeørna dannar vanlegvis par for livet. Hekkesesongen varierer med breiddegraden. Dei nyklekte ungane veg berre 50-60 gram, men blir flygedyktige etter 8-10 veker. Den typiske levetida er 7-10 år, men einskildindivid kan leve i 20-25 år. Den eldste europeiske ville fiskeørna ein kjenner til levde i over tretti år.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Ein juvenil på ein kunstig reirplass
Foto: Flickr-brukar stevehdc

På slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet var dei viktigaste truslane mot fiskeørnpopulasjonar eggsamlarar og jegerar, samt andre rovfuglar,[18][20][21] men bestanden fall drastisk i mange område på 1950- og 1960-talet. Dels syntest det vere grunna dei toksiske effektane av insektmiddel som DDT.[22] Plantevernmiddel forstyrra kalsiumetmetabolismen, det resulterte i tynt eggskal, og dermed lett øydelagde eller ubefrukta egg.[6] Moglegvis på grunn av forbod mot DDT i mange land frå tidleg på 1970-talet, saman med redusert jakt, har både fiskeørn og andre påverka rovfuglartar hatt monaleg oppgang i bestandar.[15] I år 2021 blei fiskeørn oppgradert frå kategorien nær truga til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[1]

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Underartar etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [23]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av fiskeørn Pandion haliaetus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. 2,0 2,1 «Osprey» (PDF). Connecticut Department of Environmental Protection. 1999. Arkivert frå originalen (PDF) 9. desember 2012. Henta 30. september 2007. 
  3. Terres, J. K. (1980). The Audubon Society Encyclopedia of North American Birds. New York, NY: Knopf. s. 644–646. ISBN 0-394-46651-9. 
  4. 4,0 4,1 Forsman, Dick (2008). The Raptors of Europe & the Middle East A Handbook of Field Identification. Princeton University Press. s. 21–25. ISBN 0-85661-098-4. 
  5. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  6. 6,0 6,1 Bull J, Farrand, J Jr (1987). Audubon Society Field Guide to North American Birds:Eastern Region. New York: Alfred A. Knopf. s. 469. ISBN 0-394-41405-5. 
  7. Simpson K, Day N, Trusler P (1993). Field Guide to the Birds of Australia. Ringwood, Victoria: Viking O'Neil. s. 66. ISBN 0-670-90478-3. 
  8. Steadman D (2006). Extinction and Biogeography in Tropical Pacific Birds, University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7
  9. Rasmussen, P. C. and Anderton, J. C. (2005). Birds of South Asia. The Ripley Guide. Vols 1 & 2. Smithsonian Institution and Lynx Edicions. 
  10. Strange M (2000). A Photographic Guide to the Birds of Southeast Asia including the Philippines and Borneo. Singapore: Periplus. s. 70. ISBN 962-593-403-0. 
  11. Mullarney, Killian; Svensson, Lars, Zetterstrom, Dan; Grant, Peter. (2001). Birds of Europe. Princeton University Press. pp. 74–5 ISBN 0-691-05054-6
  12. Mundkur,Taej (1988). «Recovery of a Norwegian ringed Osprey in Gujarat, India». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 85 (1): 190. 
  13. «Migration Strategies and Wintering Areas of North American ospreys as Revealed by Satellite Telemetry» (PDF). Newsletter Winter 2000. Microwave Telemetry Inc. Arkivert frå originalen (PDF) 12. mai 2012. Henta 2 December 2008. 
  14. Martell, M.S.; Mcmillian, M.A.; Solensky, M.J.; Mealey, B.K. (2004). «Partial migration and wintering use of florida by ospreys» (PDF). Journal of Raptor Research 38 (1): 55–61.  mirror
  15. 15,0 15,1 15,2 Evans DL (1982). «Status Reports on Twelve Raptors:Special Scientific Report Wildl. No. 238». U.S. Dept. Interior, Fish and Wildl. Serv. 
  16. Poole, A. F., R. O. Bierregaard, and M. S. Martell. (2002). Osprey (Pandion haliaetus). In The Birds of North America, No. 683 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Birds of North America, Inc., Philadelphia, PA.
  17. Goenka, DN (1985). «The Osprey (Pandion haliaetus haliaetus) preying on a Gull». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 82 (1): 193–194. 
  18. 18,0 18,1 Kirschbaum, K.; Watkins P. «Pandion haliaetus». University of Michigan Museum of Zoology. Henta 3 January 2008. 
  19. Beruldsen, G (2003). Australian Birds: Their Nests and Eggs. Kenmore Hills, Qld: self. s. 196. ISBN 0-646-42798-9. 
  20. Cocker, Mark; Mabey, Richard (2005). Birds Britannica. London: Chatto & Windus. s. 136–141. ISBN 0-7011-6907-9. 
  21. Cooper, JC (1992). Symbolic and Mythological Animals. London: Aquarian Press. s. 170. ISBN 1-85538-118-4. 
  22. Ames, P (1966). «DDT Residues in the eggs of the Osprey in the North-eastern United States and their relation to nesting success». J. Appl. Ecol. (British Ecological Society) 3 ((Suppl.)): 87–97. JSTOR 2401447. doi:10.2307/2401447. 
  23. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 8. september 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fiskeørn