Pangea Ultima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pangea Ultima eller Pangaea Ultima (òg kalla Pangea Proxima, Neopangea eller Pangea II) er eit mogeleg framtidig superkontinent og ei alternativ løysing til superkontinentet Amasia. Sidan kontinenta på jorda flyttar seg rundt ved hjelp av platetektonikk vil den noverande konfigurasjonen endrast i løpet av dei neste millionar åra. Pangaea Ultima er ein konfigurasjon som kan oppstå i løpet av dei neste 250 millionar åra og hypotesen er lagt fram av Christopher Scotese. Det påtenkte kontinentet har fått namn etter det førre superkontinentet, Pangea.[1]

Eit superkontinent består av all, eller nesten all, landmasse på jorda i eit enkelt samanhengande kontinent. I Pangaea Ultima-løysinga vil subduksjonssonen vest i Atlanterhavet, aust for Amerika føre til at Atlanteren til slutt lukkar seg og Amerika vert ført tilbake til Afrika og Europa. Som dei fleste superkontinent vil truleg Pangea Ultima ha eit halvtørt ørkenklima utsett for ekstreme temperaturskilnader.[2]

Teoretisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

I følgje denne teorien vil Nord-Amerika ha flytta seg noko vestover om 50 millionar år, medan Eurasia har flytta seg noko austover og kanskje i tillegg sørover, slik at Storbritannia har kome nærare Nordpolen og Sibir nærare ekvator. Afrika er venta å kollidere med Europa og Arabia, og lukke Middelhavet (og dermed den siste resten av Tethyshavet) og Raudehavet. Ei lang fjellkjede vil då strekkje seg frå Spania, gjennom Sør-Europa, Midtausten til Asia. Desse fjella kan få toppar høgare enn Mount Everest. Australia er venta å flytte seg mot Søraust-Asia.[3]

150 millionar år fram tid vil i følgje teorien Atlanterhavet slutte å utvide seg, for så å krympe. Òg Indiahavet er venta å verte mindre på grunn av ei subduksjonssone i nord. Amerikan kan då kanskje pressast tilbake mot Afrika. Sørspissen på Afrika kan då kanskje ha vridd seg nordover til den nordlege halvkula. Australia kan ha kome i hop med Antarktis igjen. [4]

250 millinar år inn i framtida meiner teorien at Atlanterhavet og Indiahavet er lukka. Nord-Amerika har kollidert med Afrika, medan Sør-Amerika har krølla seg rundt Afrika med Patagonia i kontakt med Indonesia rundt ein rest av Indiahavet (kalla Det indo-atlantiske havet). Antarktis vil då igjen vere nær Sørpolen, medan Stillehavet har vorte eit superhav som dekkjer halve jorda (av somme kalla Mega-Stilehavet).[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Studiobilete, jorda om 250 millionar år, arkivert frå originalen 16. mars 2008, henta 20. august 2008 
  2. Kargel, Jeffrey S. (2004). «New World». Mars. Springer. ISBN 1-85233-568-8. 
  3. Jorda om 50 millionar år, arkivert frå originalen 16. juni 2008, henta 20. august 2008 
  4. Jorda om 150 millionar år
  5. Scotese, Christopher R. «Pangea Ultima will form 250 million years in the Future». Paleomap Project. Henta 20. august 2008.