Panjandrum
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Panjandrum, òg kjend som The Great Panjandrum, var eit massivt rakettdrive «køyretøy» (våpen) ladd med eksplosiv, konstruert av britiske militære under andre verdskrig. Det var eit av ei rekkje svært eksperimentelle prosjekt, inkludert Elias og Pinnsvin som vart utvikla av det britiske Admiralitet's direktorat for utvekling av diverse våpen (DMWD) i dei siste åra av krigen. Panjandrum vart aldri brukt i kamp.
Utvikling[endre | endre wikiteksten]
DMWD var vorte beden om å koma opp med eit våpen som kunne trenga gjennom ein 3 meter høg og 2,7 m tjukk betongmur som utgjorde ein del av Atlanterhavsvollen. Det vart vidare angjeve at den skulle landsetjast frå eit landingsfartøy, då det var svært sannsynleg at strendene ville verta ein blodig slagmark for alle som freista å slost der. Sekondøytnant Nevil Shute berekna at over eit tonn eksplosiv ville vera naudsynt for å sprenga ei opning i ein slik mur, til at ei stridsvogn kunne koma gjennom. Ein slik mengd eksplosiv ville vera eit betydeleg problem, og ein av dei forslag som vart diskuterast til slutt resulterte i bygging av prototypen «Great Panjandrum». Den foreslegne eininga (eller vapenet) var samansett av to hjul, tre meter i diameter, 30 cm breitt med ein sentral trommel fylt med eksplosivet kordit. Den skulle drivast eit sett med kordittraketter festet til kvart hjul, i felgane til hjula. Det vart spådd at når den vart sjøsett (landsett) og fylt med to tonn sprengstoff ville Panjandrum kunna oppnå fartar på rundt 97 km/t og rasa gjennom alle hindringer for å nå sit mål. Namnet «Great Panjandrum» vart vald av Shute etter Samuel Footes berømte tulleavsnitt i ein av hans bøker der Grand Panjandrum i den avsluttande linja seier «til det krutet renn ut av hælane på støvlane hans».
Testing[endre | endre wikiteksten]
Prototypen vart i all løyndom bygd i Leytonstone og transportert for nattesting på strendene ved Westward Ho!, Devon. Men då hemmeligholdet rundt prosjektet sprakk og stranda vart vald som testområde, vart det òg eit populært reisemål for turistar, og frå den fyrste testen 7. september 1943 og utover, vart alle testar sett av mange sivilistar, tiltross for alle åtvaringar om faren ved våpenet. Då inkje anna liknar Panjandrum som nokon gong hadde vorte bygd før, byrja testane med aktsemd frå 7. november 2014, då vart berre ein handfull cordite rakettar vart fest til hjula, og nyttelasta vart simulert med ei tilsvarande vekt av sand. Då Shute gav signalet, vart rakettane antent og Panjandrum slynga seg framover, ut av landgansfartøyet som vart brukt som ein utskyingsplattform, og mot stranda, før ei rekkje rakettar på høgre hjul svikta. Mastodonten skjena ut av banen. Fleire andre andre forsøk med fleire og fleire rakettar, men ved kvart høve mista Panjandrum kontrollen før den kom til stranda.
Etter fiksing og triksing med prosjektet i ytterlegare tre veker vart Panjandrum utstyrt med over sytti cordite rakettar og eit stabiliserande tredje hjul. Då den vart avfyrd, rasa den mot kysten skimmet strandkanten før den rasa mot havet. Ei rekkje av rakettane til dei 12 kilo piska vilt over hovuda på eit samla publikum, eller eksploderte under vatn. Til trass for desse feil, Shute og hans team heldt ut, tok det tredje hjulet og festa stålkablar til dei gjenverande to hjul som ein slags form for kontroll. Panjandrum viste seg likevel å vera for kraftig, sleit av kablar og pisket dem attende til stranda. Fleire veker vart brukt til å testa alle tenkjelege variablar, frå tjukkare kablar til tyngre rakett-festar utan å lukkast, før DMWD gav melding om at våpenet berre var naudsynt for å trenga inn i #den første forsvarslinjene til fienden. Med ein viss grad av tillit vart siste ei siste prøve planlagt til januar 1944, i front av ei rekkje Navy offiserar og forskarar, så vel som ein offisiell filmfotograf.
Gjenoppbygging[endre | endre wikiteksten]
I høve av 65-års jubileet for invasjonen i Normandie vart ein kopi bygd og sett på den opphavlege stranda i Devon. Hjulet, bestilt av den lokale Appledore Book Festival var 1 m høgt og 90 cm breitt og lasta med fyrverkeri i staden for eksplosiv, desse var lava av Skyburst i Bristol. Det var forventa at den ville fara 500 meter med ein fart på opptil 24 km/t i tilfelle den for i ei rett linje, men den gjekk berre for 50 meter før den stoppa.[1][2] Ein video av arrangementet kan sees på YouTube kan sees på YouTube kan sees på YouTube Neil Downie har skildra den vitskapleg og bygginga av denne Turbo Panjandrum, som var drive av to eller fleire høy effektive elektriske motorar med propellar som var festa til eit par store sykkelhjul.[3] Turbo Panjandrums laget av ulike lag har òg konkurrert mot kvarandre.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Panjandrum» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2018.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ by Simon de Bruxelles
- ↑ «The Great Panjandrum roll sin again…»
- ↑ ISBN 0-691-14966-6