Pannekakeservering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pannekakeserveringslag frå Stanton i California, der rundt 4 000 tek del i den årlege påskefeiringa med eggleiting og pannekakeservering.

Pannekakeservering kan vera store pannekakemåltid knytt til offentlege hendingar i ulike delar av Nord-Amerika. Der blir det servert ei mengd pannekaker og andre varmrettar til massane av frivillige, ofte gratis eller for ein liten sum som kan gå til eit godt føremål. Måltidet er knytt til mange sommarfestivalar og andre hendingar i Canada og USA.

Tradisjonen er særleg utbreidd i Vest-Canada under namnet pancake breakfast. Her er han knytt til ranchkulturen med storfehald, truleg fordi cowboyar blei gjevne pannekaker frå ei matvogn medan dei var ute og gjeta storfe.

I USA kan ulike grupper bruka måltidet, ofte kjend som pancake feed, som ein måte til å samla inn pengar på, til dømes for skular, kyrkjer, sjukehus og ulike ikkje-statlege eller velgjerdsorganisasjonar.[1]

Pannekakeservering i Canada[endre | endre wikiteksten]

Pannekakeservering ved Chinook Centre Mall i Calgary i Alberta, ei årleg hending der over 60 000 folk får pannekaker. Bildet er frå 2011.

I Alberta i Canada er tradisjonen med pannekakeservering også tett knytt til dei store årlege sommartilstellingane, som marknadar og messer, på ulike stadar.

Blant desse er K-Days i Edmonton,[2] og rodeotilstellinga Calgary Stampede. Ein har hatt pannekakeservering ved rodeoen i Calgary sidan 1923, då ein lokal rancheigar byrja servera pannekaker frå stormkjøkkenet sitt under feiringa til alle som kom innom han.[3][4] Det blei snart tradisjon for lokale verksemder og lag frå Calgary til Edmonton å halda slike mattilstellingar for tilsette, kundar og andre under Stampede, K-Days og andre tilstellingar som Western Days i Red Deer. Eit anna høve der ein ofte serverer pannekaker til massane er Canada Day.

Elizabeth May, leiaren for Green Party of Canada, serverer pannekaker ved Calgary Stampede i 2008

Pannekakeservering har lenge hatt ei politisk tilknyting. Premier of Alberta er årleg vert for slike tilstellingar både ved K-Days og Calgary Stampede, som mange politikarar vitjar.

Ved den lovgjevande delstatsforsamlinga i Alberta, Alberta Legislature, blir det halde pannekakeservering på Canada Day der dei folkevalde er blant dei frivillige.

I tillegg held dei fleste marknader i småbyane i Alberta ei pannekakeservering med ordføraren, byrådane og andre viktige lokale personar som vertar. Desse tilstellingane er blitt del av ein såkalla «barbecue circuit» av sommartilstellingar som kanadiske politikarar blir forventa å ta del i.

Over tid har pannekakeserveringar knytt til Calgary Stampede utvikla seg til store hendingar der store kommersielle sponsorar kan kappa om å utklassa kvarandra.[5] Tilstellingane blir ein stad å byggja nettverk og laga avtalar på.[6] I løpet av den ti dagar lange rodeofestivalen kan det bli halde over 100 ulike pannekakeserveringstilstellingar.[7] Statsministeren i Canada og andre nasjonale partileiarar kan også ta del i desse tilstellingane.[8][9]

Ein av dei største årlege pannekakeserveringane er Chinook Centre sin, der ein serverer rundt 60 000 menneske.[10][11]

Pannekakeservering er også knytt til kanadisk fotball-kultur, særleg blant tilhengjarar av lag frå Alberta. Supporterar for lag frå både Calgary og Edmonton held pannekakeserveringar under den vekelange Grey Cup kvart år. Denne tradisjonen byrja under meisterskapen i 1948, då fleire hundre tilhengjarar av Calgary Stampeders kom til Toronto for å sjå laget sitt i tevlinga for første gong.[12] Supporterane tok med seg hestar og feltkjøkkenvogner (chuckwagons) og serverte pannekaker som i Stampede-veka til overraska Toronto-buar. Historikaren Hugh Dempsey meiner hendinga endra meisterskapen for alltid: «The Grey Cup was just another game until Calgary went down to Toronto with chuckwagons and everything and turned it into an event.»[13] Det blir no servert gratis pannekaker ved einkvar Grey Cup der Calgary er med.[14][15]

Pannekakeservering i USA[endre | endre wikiteksten]

Pannekakeservering ved National Archives Sleepover i USA.

Pancake feed er ein liknande tradisjon frå USA, der ein også kan bruka nemninga pancake breakfast. Dette er ei tilstelling der ein typisk held ein ståande buffet med så mange pannekaker ein kan eta, ofte støtte for lokale idrettslag eller andre organisasjonar, eller til inntekt for eit anna godt føremål.

Skikken er utbreidd i delstatar som Minnesota og Nebraska.[16][17] I Seattle er dei knytt til norsk- og svensk-amerikanske lag og klubbar.[18]

Organisasjonen Kiwanis International har halde ei pannekakeservering i Lincoln i Nebraska årleg sidan 1950-talet.[19] I februar 2008 blei det sett rekord då ein hadde pannekakeservering for over 38 000 folk i Fargo i Nord-Dakota.[20]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Throwing The Perfect Pancake Fundraiser». NJ.com. 1. mars 2010. 
  2. Lazzarino, Dave (19. juli 2013). «Thousands chow down on pancakes at annual Alberta preem's breakfast». Edmonton Sun. Henta 13. september 2013. 
  3. Przekop, Glory (14. juni 2012). «Pancake breakfast history at Stampede». 660News. Henta 13. september 2013. 
  4. Mason, Terri (oktober 2010). «"Wild Horse" Jack Morton». Canadian Cowboy Country Magazine. 
  5. Connors, Will (13. juli 2012). «Maple Leaf Swag: In Calgary, Rodeo Fans Flip Over Free Flapjacks: Pancake Breakfasts Vie for Crowds, Attention; Flaunting the Red-Bikini Advantage». Wall Street Journal. 
  6. Fong, Petti (2. juli 2012). «Calgary Stampede: Deals get made at pancake breakfasts: The Calgary Stampede has become the city's biggest and most important showcase in attracting foreign investments and luring international workers.». Toronto Star. 
  7. Alberta, The Huffington Post (9. juli 2013). «Calgary Stampede 2013: 11 Things You Didn't Know About The Greatest Outdoor Show On Earth». Huffington Post Canada. 
  8. «Harper doles out pancakes and handshakes at Calgary Stampede». CTV News. 5. juli 2014. 
  9. «Stephen Harper shows syrupy side at Calgary Stampede: Harper chatted and shook hands with Stampede revellers while those manning the grill tried to keep up with demand.». Toronto Star. 5. juli 2014. 
  10. Fortney, Valerie (8. juli 2010). «Stampede 100 Day Countdown: 2010 – The 50th anniversary of Chinook Centre's breakfast». Calgary Herald. s. B2. 
  11. Toneguzzi, Mario (4. juli 2014). «Thousands show up for Stampede’s biggest pancake breakfast». Calgary Herald. 
  12. Jones, Terry (24. november 2010), «Big Game ... Big Country», Edmonton Sun, henta 7. juli 2012 
  13. Bly, David (24. november 2001), «When Stamps changed the game forever», Calgary Herald, s. A3 
  14. Fortney, Valerie (28. november 2014). «Football fans ditch boots, parkas for Vancouver Grey Cup partying». Calgary Herald. 
  15. Heroux, Devin (29. november 2014). «Grey Cup pancake breakfast shows off Western hospitality: Game day pancake breakfast tradition started by Calgary Grey Cup Committee in 1948». CBC News. 
  16. Mohr, Howard (2013), «Pancake Feed», How to Talk Minnesotan, Penguin, s. 27, ISBN 9781101615485 
  17. Dugan, Terry (2010), The Hick Arrives at the Tea Party, s. 54, ISBN 9781453816059 
  18. Karen Gaudette (27. september 2006), «Fans flock to pancake breakfasts for the cause, company and cuisine», The Seattle Times 
  19. Kyle Bruggeman (11. november 2009), «Kiwanis pancake feed», Lincoln Journal Star 
  20. McDaniel, Melissa; Kras, Sara Louise (2010), North Dakota, Marshall Cavendish, s. 55, ISBN 9780761447337